Vasskrafta

Søk

Du er her:

Reaksjonsturbinar og impulsturbinar

Ulike typar turbinar kan grupperast etter verkemåten: Reaksjonsturbinar (fullturbinar) er heilt fylte med vatn, medan i impulsturbinar (fristråleturbinar) treff vatnet turbinen i friluft. Prinsippa for energioverføring vert dermed òg forskjellig for desse hovudgruppene av turbintypar.

For lærarar (og andre nysgjerrige) ... Reaksjonsturbinar vert òg kalla fullturbinar. Dei er heilt fylte med vatn, og utnyttar dermed heile fallhøgda ned til der vatnet strøymer ut av turbinen. Desse turbinane har ein høgare verknadsgrad enn impuls- eller fristråleturbinar. Dei beste kan ha en verknadsgrad på over 95%. Men fordi kanalane i turbinhjulet må vere heilt fylte med vatn blir vassfarten og trykkfordelinga der endra med vassføringa (pådraget), og verknadsgraden minkar når vassføringa blir mindre. Francis-turbinen og Kaplan-turbinen er døme på reaksjonsturbinar. Newtons tredje lov forklarer korleis energi vert overført i reaksjonsturbinar. Impulsturbinar vert òg kalla fristråleturbinar, aksjons-fristråleturbinar eller partialturbinar. I desse vert vatnet leidd gjennom ei eller fleire dyser og kjem ut som vasstrålar i friluft før det treff sjøve turbinen, som har skovler på løpehjulet. Impulsturbinar nyttar ein vanlegvis ved store fallhøgder og/eller små vassmengder. Verknadsgraden på slike turbinar ligg i dag på om lag 90–93%. Når vassføringa endrast blir tverrsnittet av vasstrålen inn mot og vasstraumen over løpehjulskovlene endra, men ikkje farten på vatnet. Dermed kan slike turbinar ha ein høg verknadsgrad også når vassføringa er litt høgare eller mykje lågare enn vanleg. Pelton-turbinen er den mest nytta impulsturbinen. Newtons andre lov forklarer korleis energi vert overført i impulsturbinar. Eirik Øgaard, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum Kjelder: Hartmann, Ragnar (2006): "Maskinteknikk", i Kulturminner i norsk kraftproduksjon – en evaluering av bevaringsverdige kraftverk (KINK), s. 70-91. Oslo: Norges vassdrags- og energidirektorat. (NVE-rapport 2/2006) Heggstad, Ragnar og Leif Lundby: "vannkraftmaskin", Store Norske Leksikon, http://www.snl.no/vannkraftmaskin (besøkt 20. november 2009). Wikipedia-brukarar: "Water turbine", Wikipedia, The Free Encyclopedia, 10. november 2009, 16:09 UTC, http://en.wikipedia.org/w/index.php?title=Water_turbine&oldid=325064417 (besøkt 20. november 2009).

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum