Pelton-turbin er ein type turbin som er effektiv ved store fallhøgder og moderate eller små vassmengder. Pelton-turbinar er mykje brukt i norske kraftverk. I vår tid har dei for det meste blitt installerte ved store fallhøgder der ein ikkje kan bruke ein Francis-turbin, og i småkraftverk.
Pelton-turbinen blei oppfunnen av Lester Allan Pelton på 1870-talet og er ein av dei mest effektive turbinane ein kan bruka i vasskraftproduksjon.
I ein Pelton-turbin blir vatnet leidd gjennom ei eller fleire dyser og kjem ut som vasstrålar i friluft før det treff sjøve turbinen, som har skovler på løpehjulet. Når vatnet går gjennom dysene går vasstrykket, eller stillingsenergien (den potensielle energien) til vatnet, over til rørsleenergi (bevegelsesenergi, kinetisk energi). Det skjer inga endring av trykket når vatnet treff turbinskovlene. Men dei skålforma skovlene endrar retninga på vasstraumen og dermed rørslemengda (bevegelsesmengden, massefarten, momentet, impulsen). Dermed verkar det ei kraft på skovlene, og turbinhjulet blir sett i rørsle. Sidan turbinhjulet roterer verkar krafta over ein avstand (gjer eit arbeid), og vatnet kjem ut av turbinen med mindre energi. Energien er overført til den roterande turbinen. For å overføra rørsleenergien i turbinen til elektrisk energi, eller straum, trengs ein generator.
Ut frå verkemåten vert Pelton-turbinar rekna til typen impulsturbinar, som òg blir kalla fristråleturbinar eller partialturbinar. Newtons andre lov forklarer korleis energi vert overført i slike turbinar. Impulsturbinar nyttar ein vanlegvis ved store fallhøgder og/eller små vassmengder. Verknadsgraden på slike turbinar ligg i dag på om lag 90–93%.
Eirik Øgaard, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Kjelder:
Hartmann, Ragnar (2006): "Maskinteknikk", i Kulturminner i norsk kraftproduksjon – en evaluering av bevaringsverdige kraftverk (KINK), s. 70-91. Oslo: Norges vassdrags- og energidirektorat. (NVE-rapport 2/2006)
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum