Vasskrafta

Søk

Du er her:

Litt meir om elektrisk straum

Når alle elektrona i ein leiar rører seg synkront har vi elektrisk straum. Tal ampere (A) er eit mål for straumstyrken, elektrisitetsmengda, eller tal elektron som rører seg i leiaren per sekund. Straumstyrken er tilsvarande vassmengda som passerer i ein slange.

Likestraum   

betyr at straumen/elektrona har den same retninga heile tida. Døme på likestraumsanlegg frå dagleglivet i dag er elektriske anlegg i bilar. I anlegg for kraftproduksjon nyttar ein likestraum mellom anna til kontroll og styring. I industrien nyttar ein likestraum for eksempel til produksjon av aluminium, magnesium og sink ved elektrolyse. Dei første kraftverka i Noreg var likestraumsanlegg som leverte straum til industriproduksjon og belysning i avgrensa geografiske område.

 

Vekselstraum

 

betyr at straumen skiftar storleik og retning etter eit visst mønster. Produksjon og overføring av elektrisitet er i dag nesten alltid basert på trefase vekselstraum med eit periodetal/frekvens på 50 Hz (hertz). I Noreg, og elles i Europa, endrar vekselstraumen seg slik at storleik og retning gjentek seg periodisk 50 gonger i sekundet. Dei fleste forbruksapparat i vanlege hushald er laga for å bruke einfase vekselstraum. Apparat blir då kopla mellom to av dei tre fasane. Fordelen med vekselstraum er at han er lett å produsere, han kan transformerast (det vil sei at vi kan endre storleiken på straumen), og han kan transporterast over lange avstandar ved å bruke trefasesystemet.

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum