Vasskrafta

Søk

Du er her:

Ulike typar vasskraftverk

Det er stor variasjon i storleik og utforming til vasskraftverk. Kraftverka kan delast inn på forskjellige måtar, avhengig av kva eigenskapar ein legg vekt på.

Ei vanleg typeinndeling er elvekraftverk og magasinkraftverk, eller lågtrykks- og høgtrykksanlegg.


Elvekraftverk

har ikkje reguleringsmagasin, men vanlegvis eit lite inntaksmagasin direkte i vassdraget, som sørgjer for stabile forhold der ein fører vatnet inn i kanalar eller røyr til kraftverket. Slike inntaksmagasin vert også laga slik at fallhøgda blir så stor som mogleg (men likevel vesentleg mindre enn i magasinkraftverka). I eit elvekraftverk vil vassmengda ein har tilgjengeleg til kraftproduksjonen variera med vassføringa i elva (saman med vær og sesong). Samanlikna med magasinkraftverk er denne vassmengda til elevekraftverka som regel adskillig større. Altså: liten fallhøgd og stor vassmengd :) På engelsk kallast denne typen kraftverk "run-of-river". Solbergfoss, Nedre Fiskumfoss og Skogfoss er typiske elvekraftverk.


Magasinkraftverk

har magasin for lagring av vatn. Dette er svært nyttig, sidan elektrisk energi ikkje kan lagrast i store mengder, men må produserast i det vi forbrukarar treng straumen. Dette kjem godt med td. i kalde periodar når straumbehovet er stort men tilsiget lite pga frost i fjellet. Vassforbruket er meir begrensa i slike magasinkraftverk enn i elvekraftverk difor oppnår ein betydeleg bufferevne/lagringskapasitet for magasinkraftverkaHammerenTysso I, Glomfjord og Svartisen, Aura, og Tonstad er magasinkraftverk frå forskjellige epokar.

Elvekraftverk er oftast lågtrykksanlegg (moderat fallhøgd), medan magasinkraftverk som regel er høgtrykksanlegg med stor fallhøgd. Men det finst unntak frå dette. Vemork og Alta er døme på kraftverk som har stor fallhøgd og dermed høgt vasstrykk, men ikkje reguleringsmagasin.

Prøv interaktivt magasin- og elvekraftverk.

 

Storleiken

Dei ulike typane kraftverk blir vanlegvis også sortert etter storleiken, dvs. kor mykje straum (effekten) dei produserar, oppgitt i megawatt (MW).

Dei første kraftverka var svært små samanlikna med det som er vanleg i dag. Mange av desse hadde ein produksjon på berre nokre få kilowatt (1000 kW = 1 MW), og svært få var på meir enn nokre hundre kW. I dag er det fleire enn 600 norske vasskraftverk som har ein effekt på meir enn 1 MW. Dei største yter meir enn 1000 MW. 

Dei minste er delt inn i kategoriane: 

småkraftverk (1–10 MW), 

minikraftverk (0,1–1,0 MW) 

mikrokraftverk (under 0,1 MW)

 

Eig du mindre vassdrag kan det kanskje vera attraktivt å byggja ut med små og gjerne private kraftverk, men vegen fram er relativt lang og kostbar. Les meir under småkraft.

 


Eirik Øgaard og Knut Nordal,
Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Kjelder: Erlandsen, Arne H. (2006): "Vannkraftutbygging i Norge – Grunnlag, utbygginger og utførelse", i Kulturminner i norsk kraftproduksjon – en evaluering av bevaringsverdige kraftverk (KINK), s. 34-69. Oslo: Norges vassdrags- og energidirektorat. (NVE-rapport 2/2006)

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum