Vasskrafta

Søk

Du er her:

Teknisk beskrivelse av Nore I og II

Nore I er eit magasinkraftverk med ein fallhøgde på 363 meter. Nore I og Nore II, som ligger rett nedstrøms for Nore I, er dei to øvste kraftverka langs Numedalslågen. Kraftverka har stor magasinkapasitet med magasiner i Halnefjorden på Hardangervidda, Pålsbufjorden og Tunhovdfjorden.

Maskinsalen i Nore 1 kraftstasjon
Maskinsalen i Nore I med 8 aggregat. Foto: Harald Hognerud/vasskrafta.no

Nore I kraftverk består av åtte aggregat, under oppstart i 1928 var det fire aggregat på plass med ein samla ytelse på 100 MW. På slutten av 1930-talet og under andre verdskrig så vart det behov for meir energi og mellom 1939 og 1955 vart det installert ytterligare fire aggregat. Når alle åtte aggregata var på plass i 1955 så hadde Nore I ein samla installasjon på 200 MW. Dei åtte aggregata har horisontal oppstilling og pelton-turbinar med dobbelt løpehjul og to dyser for kvart hjul.

Frå magasinet i Tunhovdfjorden vart det sprent ein tunnel fram til luker, fordelingskammer, ventilkammer og inntaka for dei åtte røyra som gikk ned til kraftstasjonen. Tunnelen vart dreve frå tre tverrslag og hadde ein gjennomsnittleg framdrift på ein meter i døgnet, noko som vakte stor merksamd i samtida. Røyra ned til kraftstasjonen har ein lengde på 980 meter og diameter på halvannen til to meter. Kraftstasjonsbygget er 220 meter lang, der maskinhallen er 180 meter lang og 16 meter brei.

7. august 1946 skjedde det eit alvorleg røyrbrot 2 steder samtidig i røyrgata, på 300 meter og på 100 meter. Skadane frå brotet vart heldigvis ubetydelige då den automatiske ventilen fungerte perfekt og stengte av vanntilførselen til røyra.

Nore II

Rødbergsdammen
Rødbergsdammen frå 1944, magasinet til Nore II. Foto: Harald Hognerud/vasskrafta.no

Utløpet til Nore I er rett utanfor kraftstasjonen, til Rødbergsdammen. Dette kunstige magasinet er etablert ved at det i 1944 vart bygd ein hvelvdam i elveløpet med gravitasjonsdammer på kvar side. Frå Rødbergsdammen utnytter Nore II kraftstasjon eit fall på 100 meter ned til Norefjorden. I kraftstasjonen til Nore II er det 2 francis-aggregat med installert effekt på 63 MW, der det første vart satt i drift i november 1946 og det andre i mars 1947.

 

Skrevet av Dag Endre Opedal, NVIM

Kjelder:
Kulturminner i norsk kraftproduksjon, NVE (besøkt 08.10.2015)
Norske kraftverker. 1 - Teknisk ukeblads forlag, 1954 - les på bokhylla.no
Statkraft.no (besøkt 08.10.2015)

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum