Vasskrafta

Søk

Du er her:

Nye og gamle Bjølvo kraftverk - Teknologi

Bjølvo kraftverk er eit magasinkraftverk med stor fallhøgde. Gamle Bjølvo kraftverk hadde installert effekt på 54 MW etter utvidinga i 1971. Nye Bjølvo kraftverk som kom i drift i 2004 har installert effekt på 98 MW.

Gamle Bjølvo kraftverk kom i drift i 1918 og hadde tre aggregat som kvart var på 9 MW. Kvar maskin nytta ved full last 1,35 m3/s. I 1938 kom aggregat 4 på plass med installert effekt på 18,4 MW, medan aggregat 5 frå 1971 hadde  effekt på 36 MW. Då vart dei tre første aggregata tatt ut av dagleg drift men kunne framleis brukast ved behov. Gamle Bjølvo kraftverk hadde installert effekt på 54 MW etter 1971 og ein middelproduksjon på 322 GWh i året. Nye Bjølvo kraftverk har installert effekt på 98 MW og produserar 391 GWh i året.

Røyrgata

Flyfoto av røyrgata til bjølvo
Røyrgata frå topp til botn. Foto: Harald Hognerud/NVIM

Røyrgata til Bjølvo består av to røyr der det første vart montert i 1917-18 og levert av tyske A/G Ferrum. Leveransen var kraftig forseinka grunna 1. verdskrig. Lengda er på 1480 meter. Røyra er sveisa saman heilt ned, og frå kote 380 og ned er røyra bandasjerte. Røyr 2 kom i 1938 og er levert av tyske Grossrohr-Verband. Røyr 2 er ikkje bandasjert. Begge røyra har same dimensjon.

Skrevet av Dag Endre Opedal, NVIM.
Kjelder:
www.statkraft.no - > Bjølvo (besøkt juni 2015)
NVIM sin dokumentasjonsrapport om Bjølvo (besøkt september 2015)

 

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum