Såheim kraftverk er eit høgtrykks-, magasinkraftverk, med fallhøgde på 269 meter og er andre del av ei fellesutbygging saman med Vemork kraftverk.
Såheim nyttar fallet frå Vemork kraftverk og ned til Måna i Rjukan sentrum. Rjukan I (Vemork) og Rjukan II (Såheim) nytta eit fall frå Skarsfossen og ned på om lag 570 meter. Frå Vemork går det ein tunnel på 5,8 km til fordelingsbassenget til Såheim. Derifrå gjekk vatnet gjennom 9 røyr som alle var bygd inne i tunnelar i fjellet grunna den rasfarlege fjellsida. I kraftstasjonen var det montert 9 aggregat, som bestod av dobbel pelton-turbin og ein enkel generator.
Bygget som husar Såheim kraftverk var ikkje berre eit kraftverk. Det blei bygd som ein integrert del av gjødselfabrikken til Hydro. Dette hadde fleire fordelar, blant anna blei effekttapet redusert ved kortare overføring. Og ein trong ikkje søka om konsesjon for overføring når både kraftverk og fabrikk var i samme bygg.
Nokre av dei gamle aggregata står fortsatt i Såheim kraftverk, men i dag er dei ikkje i drift. I dag er det 3 moderne aggregat som står for drifta. Foto: Dag Endre Opedal
I dag er den gamle vassvegen til Såheim bygd om. Dei gamle aggregata er stoppa og erstatta med moderne aggregat med francis-turbinar. Aggregata er frå 1959, 1961 og 1972 og samla kapasitet er på 185 MW mot 120 MW som dei gamle aggregata kunne levera. Dei gamle smisveiste røyra er blei i 1993 bytta ut med ein trykktunnel. Så sjølv om det frå utsida fortsatt ser ut som det gamle staselige kraftverket, så blir det frå innsida drifta som eit moderne kraftverk.
Riksantikvaren freda bygget i 2003 saman med 6 andre bygg som knytt til Rjukan som industristad. Fredinga markerte 100 år sidan oppkjøpet av Rjukanfossen.
Kjelder: http://www.riksantikvaren.no/?module=Articles;action=Article.publicShow;ID=1846 Kulturminner i Norsk Kraftproduksjon (KINK) - Norges vassdrags- og energidirektorat 2006 Norsk Hydro 1905 - 1955, Et eventyr fra realitetenes verden, Kr. Anker Olsen - Norsk Hydro 1955
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum