Vasskraftverk produserer elektrisk energi ved hjelp av rennande vatn, ein fornybar energikjelde.
Video: Statkraft/Kraftskolen 2.0
Eit vasskraftverk produserer elektrisitet ved å utnytte stillingsenergien til vatnet i høgdeforskjellen (fallhøgda) mellom inntaket til og utløpet frå kraftverket. Det er fleire tusen år sidan menneska først klarte å utnytte energien i fallande vatn mekanisk. Tidleg i den industrielle revolusjon på 1800-talet var det framleis slik ein brukte vasskrafta. Først mot slutten av 1800-talet begynte ein å bruke vasskraft til å produsere elektrisitet. Det opna for mange nye bruksområde, og etter kvart utnytting av vasskraft i mykje større skala enn før. Med sine mange elvar og fossar var Noreg langt framme i denne utviklinga, som ga straum både til alminneleg forsyning og til ny industri. Eit vasskraftanlegg for straumproduksjon er samansett av fleire delar. Forutan kraftstasjon med tilhøyrande maskineri (turbinar og generatorar), transformatorar, koplingsanlegg og , er det dam, og ofte eitt eller fleire magasin for lagring av vatn. Frå inntak i elv eller magasin blir vatnet ført gjennom vassvegane (kanalar, røyr, tunnelar) fram til kraftstasjonen og vidare til utløpet. I sjølve kraftstasjonen blir energien i vatnet først omdanna til mekanisk energi i ein roterande turbin og deretter til elektrisk energi i ein generator som er kopla til turbinen. Turbin og generator blir ofte omtalt som ei samla eining, og blir då kalla eit aggregat. Etter utbygging gjennom meir enn hundre år er det stor variasjon i storleik og utforming for vasskraftverk. Kraftverka kan delast inn i typar på forskjellige måtar, avhengig av kva eigenskapar ein legg vekt på.
Det er stor variasjon i storleik og utforming til vasskraftverk. Kraftverka kan delast inn på forskjellige måtar, avhengig av kva eigenskapar ein legg vekt på.
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum