Ein steinfyllingsdam er bygd opp av forskjellige typar massar (materiale) som er fordelt på ulike stader i dammen. Etter Den andre verdskrigen blei slike dammar vurdert som meir bombesikre, og det er sidan bygd mange og etter kvart store steinfyllingsdammar i Noreg.
Massane på kvar stad eller sone i ein steinfyllingsdam, blir valt ut frå den funksjonen dei skal ha. Det vanlegaste er at dammen har ei kjerne av morene (leire, sand, grus og småstein), betong eller asfalt som skal halde det tett. Rundt kjerna ligg eit filter av av grus. Utanfor filtersona er det ei overgangssone av finsprengt stein. Så ligg det ei fylling av grovsprengt stein som skal støtte opp det heile og heilt ytst ute, ligg ei plastring med store steinblokker.
Eirik Øgaard og Stein Haugen, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Kjelder: Erlandsen, Arne H. (2006): "Vannkraftutbygging i Norge – Grunnlag, utbygginger og utførelse", i Kulturminner i norsk kraftproduksjon – en evaluering av bevaringsverdige kraftverk (KINK), s. 34-69. Oslo: Norges vassdrags- og energidirektorat. (NVE-rapport 2/2006)
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum