Vasskrafta

Søk

Du er her:

Fallrettar og selskapsform

Kven har fallrett/eigarskap i vassdraget? Korleis skal vi organisera eit kraftselskap, kanskje som AS?

Fallrett har i regelen den som har eit vassdrag som går gjennom sin eigedom. Men det er ikkje sikkert at ein eig dette åleine. Her kan det vere mange ulike variantar av rettar og fordeilingar, særleg der markane ein gong låg i teigblanding. Med eit vassdrag som grense mellom eigedomar eig ein som regel på kvar sin side av djupålen. Dvs at kvar side har 50% av vassmengda, sjølv om djupålen ikkje går akkurat etter midten. Avklaring av rettar er ein absolutt foresetnad for å kome vidare med eit prosjekt. Rettane er ofte nemnt i eldre utskiftingspapir, men av og til må ein innom jordskifteretten for å avklare dei faktiske tilhøva.

 

Organisering av kraftselskap

Dette kan gjerast på mange måtar. Det vanlegaste er aksjeselskap, der fallrettseigarane går inn som aksjonærar med tal aksjar i høve til sin part av fallretten. Det er og vanleg at aksjeselskapet då leiger fallretten av grunneigarane. Slik sikrar ein at fallrettane framleis er eigde lokalt, også dersom as'et skulle gå konkurs.

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum