Vasskrafta

Søk

Du er her:

Kraftselskapet eigde alt

AS Tyssefaldene, det lokale kraftselskapet, produserte ikkje berre kraft, dei eigde mesteparten av bygningane i Tyssedal og nesten all grunn.

Arbeidarboligar i Tyssedal. Foto: AS Tyssefaldene/NVIM

 

Tyssedal før industrien var eit lite veglaust samfunn isolert frå omverda.  Etter etableringa av  AS Tyssefaldene i 1906 eigde selskapet mesteparten av bygningsmassen i Tyssedal og frå 1916 vart Tyssedal eigen bygningskommune innan Odda kommune.

Huseigarane, dvs. stort sett Tyssefaldene, hadde stemmerett og valte styre og "ordførar" og hadde full kontroll. Ordninga med bygningskommunen varte fram til 1959. Tyssefaldene eigde over 170 leiligheitar heilt fram til 1960-åra i tillegg til hotell, forsamlingshus og mange driftsbygningar. Standarden på boligane varierte og ein fekk utdelt bolig etter kvar ein var på den interne rangstigen på verksemda. Det var mangel på bustadar og familiane fekk tildelt leilighet i kraft av mannen sitt arbeid. Døydde mannen var det ingen bønn, kone og born måtte flytte på kort varsel for å gjera plass for neste arbeidsmann og familien hans.

Husleige var billig i Tyssedal, heilt opp til 1983 så kosta det 28 kroner i månaden for leiligheit i maskinistboligane. Mens direktøren betalte 80 kroner i månaden for sin bolig. Straumen var og billig i Tyssedal og når ein på 1980-talet måtte betala vanleg pris så blei ikkje det tatt i mot med opne armar. Det blei sagt om straumbruken i Tyssedal att når det blei varmt inne så slo ein ikkje av varmeomnen, ein opna berre vindauga i staden.

Det handla om å vera mest mogleg sjølvhjulpne i Tyssedal. Tyssefaldene oppretta derfor ein bondegard for å brødfø tilsette og folk i Tyssedal. Bondegarden vart den største garden i heile Hardanger. Det var generaldirektør Ragnvald Blakstad som sjølv fekk på plass garden som på det meste hadde 60 mjølkekyr. Innbyggjarane i Tyssedal og Odda hadde i stor grad bakgrunn frå gardsarbeid så det å halda eit gardsbruk i drift var ein smal sak. Tyssefaldene tilsette også eigen lege i 1916, ordninga varte fram til etter andre verdskrig. Og frå 1919 til 1955 hadde dei og eigen jordmor på huset, Hanna Hjertaas, som tok i mot om lag 700 tyssedøler. 

Kjelde: Tyssefaldene - Krafttak i 100 år 1906-2006

 

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum