Vasskrafta

Søk

Du er her:

Samfunn

Som fleire andre stader, omskapte vasskraft- og industriutbygginga Sauda. 

I industribygginga i Sauda mellom 1910 og 1930 vart folketalet meir enn tredobla, med størst vekst frå 1920 (2201 innbyggjarar) til 1930 (4423 innbyggjarar). Sauda fekk innflyttarar både frå nabobygdene, og byar som Haugesund og Stavanger. Veksten heldt fram til 1960-åra, då effektivisering av industrien tok til.

Samtidig med industriutbygginga, fekk Sauda sentrum ein bymessig arkitektur og infrastruktur. Også dialekten tok ei anna retning enn i nabobygdene, med meir preg av bokmål. Sauda fekk bystatus i 1998.

Saudafaldene har idag eit godt arkiv som dokumenterer historia både for kraftverk, industri og samfunn i Sauda.

 

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum