Vasskrafta

Søk

Du er her:

Skogfoss kraftverk - elektrifisering av Finnmark og internasjonal utbygging

Skogfoss kraftverk var viktig for kraftforsyninga i Finnmark. Kraftverket blei bygd ut på norsk og russisk grunn i ein periode der grensa mellom Norge og det som då heitte Sovjetunionen var hermetisk lukka.

Det har vore organisert samarbeid om reguleringa av Pasvikelva og Enare mellom Norge, Russland og Finland sidan 1959. Russland og Finland starta samarbeid i 1947 og i 1955 starta forhandlingane med Norge. Rett etter andre verdskrig ønskte dei norske styresmaktene å etablera eit samarbeid om regulering av Pasvikvassdraget. Då Einar Gerhardsen besøkte Moskva i 1955 blei dette diskutert og det blei oppnevnt ein norsk-russisk komite som jobba fram ein avtale.

Då kraftverket kom i drift i 1964 var det dette veldig viktig for elektrisitetsforsyninga i Finnmark. Fylket hadde mangel på elektrisitet og var enno ikkje tilknytta resten av landet på samkjøringsnettet. I tillegg bidro utbygginga til sysselsetting i Pasvikdalen. Øst-Finnmark blei ikkje tilknytta resten av linjenettet i Norge før i 1974, og med Skogfoss kraftverk som det einaste store kraftverket var forsyninga sårbar. I 1972 blei det bygd linjer mellom Norge og Boris Gleb, kraftverket på sovjetisk side. På denne måten kunne ein utan forvarsel henta ut inntil 20 MW frå det russiske linjenettet.

Fleire grunneigerar langs Pasvikdalen blei berørte av utbygginga av Skogfoss og Boris Gleb på russisk side. Nokon måtte legga ned og flytta frå gardane sine eller flytta bygg. I ettertid er det utbetalt erstatningar til dei berørte.

 

Kjelder: http://www.detgrenselosevannet.no/index.php?page_id=1 (besøkt januar 2012)
40 år for felles arbeide i pasvikvassdraget, norsk-finsk-russisk jubileumshefte.
Kulturminner i Norsk Kraftproduksjon (KINK) - Norges vassdrags- og energidirektorat 2006

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum