Vasskrafta

Søk

Du er her:

Eit industrisamfunn født av vasskrafta

Utbygginga av Glomfjord kraftverk førte med seg eit industrisamfunn. Kvifor vart det bygd kraftverk i Glomfjord? Staden låg inst i ein fjord, med høge fjell og viktigst av alt den mekltige Fykanfossen. Veglaus, berre tilkomst med båt.

Knut Tillberg, svensk fossespekulant oppdaga fossen som hadde utspring frå i Storglomvatn 512 meter over havet like under Svartisen. Han og andre investorar kjøpte Fykanvassdraget og gårdane Glomen og Haugvik i 1912, og danna ”Glomfjords Aktieselskap”. Samme år fekk selskapet konsesjon til å bygge ut vassdraget. Planlegging og anleggsarbeider kom raskt i gang. Ingeniør Ragnvald Lie prosjekterte kraftverket. Store kraftutbyggingar på avsides plassar var avhengig av at det vart etablert ein stor kraftavtakar nær kraftstasjonen. Knut Tillberg planla først å byggje ein fabrikk for nitrogengjødsel eller amoniakksulfat. Anleggsarbeida kom i gang omkring 1915-1916. Samstundes byrja metallprisane auka kraftig grunna 1. verdskrig (1914-1918), og ein tysk kjemikar fann ein metode for nitrogenutvinning. Dette gjorde fabrikkplanane uaktuelle, og i staden ville ein satse på eit sinksmelteverk.


Glomen, arbeidarstrøket som kom fram av utbygginga av kraftverket. Foto: Dag Endre Opedal

 

Planane var ambisiøse. Der garden Glomen låg skulle smelteverket byggja ein liten by med 6-7000 innbyggjarar. Bygginga starta like før nedgangstidene omkring 1919. Det vart bygd hus og vegar og staden fekk post, telegraf, telefon og dampskipskai, bank og butikkar; manufaktur, skreddear, skomakar og bakar. Utbyggjarane planla også sjukehus, kino, hotell, kaffistove og bibliotek. Ein bygde 28 arbeidarbustader på Jæra og 6 funksjonærbustader på Hylla. Direktørbustad vart oppført ved Lille Glomvatn.

Kraftstasjonen i Glomfjord ligg innst i Glomfjorden på Fykan, ca. 3 kilometer frå Glomfjord sentrum (Glomen). Fykan og Glomen er skilt med ein bratt fjellvegg som gå heilt ned i fjorden. Arbeidarane på kraftanlegget vart frakta til arbeid i båt. Dette skjedde heilt fram til 1. november 1965. Då opna ein vegtunnel på strekninga som gav lettare arbeidsveg for kraftverksarbeidarar, og samstundes letta tilgangen til fjellet for folk flest.

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum