Vasskrafta

Søk

Du er her:

Ein veksande hovudstad med eit raskt aukande behov for straum

Ved overgangen til 1900-talet var behovet for elektrisk kraft aukande i Kristiania. Hovudstaden hadde på den tida berre eit kraftverk som produserte elektrisk straum, Hammeren kraftverk i Maridalen (s.d.). Resten av kraftbehovet til byen var dekka av innkjøpt straum frå andre eller frå kullfyrt vasskraft.

I 1906 inngjekk Kristania avtale med Kykkelsrud kraftverk om levering av kraft. Dette blei hovudleverandør av elektrisitet til hovudstaden: I 1918 kom 95% av krafta byen brukte frå Kykkelsrud og berre 5% frå Hammeren.

Krafta frå Kykkelsrud var ikkje tilstrekkeleg til å dekkje den veksande byen sine kraftbehov og Kristiania hadde kjøpt opp rettane til tre av falla mellom Øyern og Solbergfoss. Staten eigde det fjerde, Mørkfoss, og hadde starta ei mindre utbygging. Det vart sett i gang forhandlingar med staten om ei felles utbygging, for å utnytte vatnet maksimalt og redusere kostnadar. Storutbygginga starta i 1916, og skaut for alvor fart etter første verdskrig var over.

Dette hadde blitt eit gigantprosjekt og etter krigen var det ei enorm prisstigning og stor mangel på materiell og arbeidskraft. Dette førte til at byggekostnadane som i 1913 var rekna til 11 millionar, i 1916 18 millionar, enda på totalt 56 millionar då sluttrekninga vart gjort opp. Avtalen med staten var slik at staten eigde 1/3 av anlegget og 2/3 var eigd av Oslo kommune. Utgifter og kraft vart fordelt etter desse eigardelene.

 

Kjelder: Kulturminner i norsk kraftproduksjon (KINK), NVE 2006
Olav Zakariassen: I lykkens kalosjer - Fra landsbygd til industristed, Askim kommune 2004

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum