Vasskrafta

Søk

Du er her:

Befolkningsutvikling

Odda og Tyssedal er gode døme historisk på korleis flyttestraumar knytt til arbeidsinnvandring kan endre eit samfunn. Her følger døme på tre ulike fasar i utviklinga av Oddasamfunnet. Periodene 1906-1920, 1951-1961 og 1996-2005.

Odda før industriutbygginga. Foto: Knud Knudsen

 

1906-1920
Oppbyggingsfasen frå 1906 kulminerte med eit høgt befolkningsoverskot i 1920. Perioden var svært formande for Odda si utvikling som bysamfunn. Det som kjenneteiknar den demografiske utviklinga i denne perioden er stor tilflytting og høge fødselstal. Folketeljinga i 1900 viser at 1446 personar heimehøyrande i Odda. Ved folketeljinga i 1920 hadde folketalet stige til 6223. Ei auke på 4777 personar. Dette tilsvarar ei gjennomsnittleg auke i folketalet på 3,8 prosent pr år.

1951-1961
Perioden frå 1951-1961 kan i historisk/demografisk samanheng kallast ein oppbyggings- og styrkingsfase. Fødselsoverskota var jamnt høge, medan utflyttinga auka mot slutten av 1950-talet. Året 1959 var det siste året med nettoauke i befolkninga i Odda.
Frå januar 1951 til januar 1961 auka folketalet i Odda med 728 personar. Frå 8807 til 9535. Dette tilsvarar ei gjennomsnittleg auke i folketalet på 0,76 prosent pr år.

1996-2005
Til sist perioden frå 1996 til 2005, ein fase med synkande folketal, negativ fødselsrate og stor fråflytting. Tilflyttinga til kommunen held seg relativt høg, slik at følgjene av ei negativ fødselsrate og stor utflytting blei noko dempa. Frå januar 1996 til januar 2006 gjekk folketalet i Odda likevel ned med 729 personar. Frå 7979 til 7247. Dette tilsvarar ein gjennomsnittleg nedgang i folketalet på 1 prosent pr år.

Odda etter industriutbygginga.

Utgangspunktet for den raske folkeauken i Odda var utnytting av vasskraft til den elektrometallurgiske og elektrokjemiske industrien.

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum