Vasskrafta

Søk

Du er her:

Kor stor var produksjonen?

Rekn ut forventa straumproduksjon i gamle Glomfjord kraftverk -utifrå tilgjengeleg vassmengd og fallhøgd.

Om de ikkje kan formelen for utrekning av straumproduksjon utanatt finn de han midt på sida i "Effekt II". (Treng de meir hjelp kan de sjå lenger nede på sida "Effekt II, oppgåve og fasit, rekna ut for eit anna kraftverk.)

Pga. tyngdekrafta får all masse fart nedover, så også vatn. Nedover i lange/høge røyr vert det eit formidabelt vasstrykk, eit energipotensiale som kan nyttast til å utføra arbeid, som td. å setja fart på turbinhjul i kraftverk. Jo meir vatn og fallhøgd jo meir kraft.

 

Verdiane de treng til å fylla inn i formelen finn de i tabellen på førstesida for Glomfjord kraftverk. De kan setja virkningsgrad for turbin til 0,9, og tilsvarande verdi 0,9 for generator (ca!).

"Slukeevne" i tabellen tyder det same som "Vassforbruk" i formelen. Huks at det er nokre nullar i skilnad på ein l (liter) og ein m3.

Treng de hjelp til omrekning mellom w, kw, Mw... kan de sjå nede på "Effekt I".

Lukke til! 

Slik kan de kontrollera svaret: Har de rekna rett skal svaret dykkar vera nokså lik verdien oppgitt for "Installasjon" (for dei første 3 aggregata) i tabellen på framsida for Glomfjord kraftverk :)

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum