Hei! Ordlista er rykande fersk og under oppbygging, mange nye ord og forklaringar vert lagt ut i desse dagar :)
Vassdrag kan vera regulerte for fleire omsyn, men på denne nettstaden handlar det om vassdrag inkl nedbørsfelt som forsyner kraftverk og har fått endra retning eller mengd vatn, slik at det ikkje lenger er slik det var opprinneleg/naturleg. Årsak til regulering er ofte for å samle/regulere vatn til/fra magasin. Sjå også ordet Magasin.
Å verna vassdrag mot menneskelege inngrep, eller utføra tiltak for å forbetra kvalitet på vassdraget (td. etter tidlegare menneskeleg påverknad).
"Storleiken på elva", dvs øyeblikksmål for mengda vatn som passerer i vassdraget. Målt i kubikkmeter per sekund (m3/s).
Vatn dampar, mykje pga. varme frå sola, dampen kondenserar i høgare luftlag som er kaldare. Me ser dette som skyar, vatnpartiklane slår seg saman til dei fell ned som regn, elvar renn tilbake til vatn/hav. Krinsen er slutta.
Når elektrona i ein leiar rører seg synkront fram og tilbake har vi vekselstraum. Vi kan då måla at spenninga (volt) i leiaren vekslar med tilsvarande rytme, frå maks positivt utslag til tilsvarande negativt utslag. Målingane avteikna vil syna ei sinuskurve. Til husa våre får vi vekselstraum/-spenning med frekvens 50 Hz (svingningar per sek.). Sjå også ordet "Induksjon".
Elektron i synkron rørsle fram og tilbake i ein leiar. Sjå også ordet "Induksjon", og artikkel "Transport av vekselstraum".
Navngitte vassdrag som er politisk vedtatt å verna for å ta vare på særlege kvalitetar.
Uttrykk/mål for effektiviteten til kraftanlegget, ligg ofte godt over 80% innan vannfallutnytting/vass-/ vannkraftverk. Det vil alltid vera noko friksjon og varmetap td. i røyrgate, turbin, og generator.
Volt er måleeininga for spenning, forkorta skriv vi V.
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum