Vasskrafta

Søk

Du er her:

Ordliste

 

Hei! Ordlista er rykande fersk og under oppbygging, mange nye ord og forklaringar vert lagt ut i desse dagar :) 

 

Reaksjonsturbinar Reaksjonsturbinane, Reaksjonsturbinar, Reaksjonsturbinen

Reaksjonsturbinar (fullturbinar) er heilt fylte med vatn.

Regulering av vassdrag

Sjå orda Regulert vassdrag, og Magasin.

Regulert vassdrag Regulerte vassdrag

Vassdrag kan vera regulerte for fleire omsyn, men på denne nettstaden handlar det om vassdrag inkl nedbørsfelt som forsyner kraftverk og har fått endra retning eller mengd vatn, slik at det ikkje lenger er slik det var opprinneleg/naturleg. Årsak til regulering er ofte for å samle/regulere vatn til/fra magasin. Sjå også ordet Magasin.

Rotor Rotoren

Den delen (spole/magnet) i ein generator som roterar. Statoren er den andre delen, som altså står i ro.

Rørsleenergi Rørsleenergien

Ein lekam/masse si evne til å utføra eit arbeid pga farta den har, også kalla kinetisk energi. Formel E = 1/2m x v2 Nemning er joule (J).

Røyrgate Røyrgate

Røyr som leier vatnet frå dam og ned til turbinhjul, må tåla stort trykk.

Røyrturbin

Røyrturbinar bruker ein ved lave fallhøgder.

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum