Hei! Ordlista er rykande fersk og under oppbygging, mange nye ord og forklaringar vert lagt ut i desse dagar :)
Den loddrette avstanden mellom vassoverflata ved inntak til røyrgata og utløpet der vasstråla treff turbinhjulet. Høgda gjer at det byggjer seg opp stort trykk nedover i vassøyla inni røyrgata.
Energi/-kjelder menneska ikkje bruker opp fordi dei fornyer seg stadig, får tilført ny energi. Døme: sol, vind, vassfall, tidevatn, bølge, jordvarme, osmose.
Francis-turbin er den eldste turbintypen i vanleg bruk i dag, og den mest brukte i norske kraftverk.
Syner kor mange gonger elektrona i ein leiar med vekselstraum svinger (synkront) fram og tilbake per sekund. Målingar av spenning i leiaren vil syna tilsvarande svingningar. Avteikna vil svingningane syna ei sinuskurve. Til husa våre får vi vekselstraum/-spenning med frekvens 50 Hz (hertz) (50 svingningar per sek.).
Mål på kor stor del av eit vassmagasin som er fylt med vatn, så vi veit kor mykje vatn vi har til disposisjon til kraftproduksjon. Vert oppgitt i prosent. Avhengig av tilrenning og forbruk. NVE oppgir ferske mål kvar veke.
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum