Rekn ut forventa straumproduksjon i gamle Bjølvo kraftverk etter oppstart i 1918 - utfrå tilgjengeleg vassmengd og fallhøgd.
Om de ikkje kan formelen for utrekning av straumproduksjon finn de han midt på sida i "Effekt II". (Treng de meir hjelp kan de sjå lenger nede på sida "Effekt II, oppgåve og fasit, rekna ut for eit anna kraftverk.)
Grunna tyngdekrafta får all masse fart nedover, så også vatn. Nedover i lange/høge røyr vert det eit formidabelt vasstrykk, eit energipotensiale som kan nyttast til å utføra arbeid, som t.d. å setja fart på turbinhjul i kraftverk. Jo meir vatn og fallhøgd jo meir kraft.
Røyrgata til Bjølvo kraftverk med fleire hundre meter fallhøgd.
Foto: Harald Hognerud
Verdiane de treng til å fylla inn i formelen finn de i tabellen på førstesida for Bjølvo kraftverk. I tillegg treng de vita at virkningsgrad for turbin er 0,9, og tilsvarande verdi 0,9 for generator.
"Slukeevne" i tabellen tyder det same som "Vassforbruk" i formelen. Hugs at det er nokre nullar i skilnad på ein l (liter) og ein m3.
Treng de hjelp til omrekning mellom w, kw, Mw... kan de sjå nede på "Effekt I".
Lukke til!
Slik kan de kontrollera svaret: Har de rekna rett skal svaret dykkar vera nokså lik verdien oppgitt for "Installasjon" (for dei første 3 aggregata) i tabellen på framsida for Bjølvo kraftverk :)
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum