Vasskrafta

Søk

Du er her:

Vasskraft -rein energi?

 

Energi frå vasskraft vert kalla "rein energi". Likevel veit vi at vassdragsutbygging har konsekvensar både fysisk og biologisk.

 

Døme på fysiske inngrep: - oppdemming eller senkning av vannstand,

     - endra vassføring, og 

     - byggjing av vegar og kraftleidningar.

Dette gjev endra levemiljø i og rundt vassdraget i form av endra: vasshastigheit, flaummønster, sedimenttransport, bunntilhøve, temperatur, istilhøve, utvasking, erosjon, grunnvasstilhøve, og lokalklima. 

Vi får stadig betre kunnskap om korleis slike fysiske faktorar påverkar liv og økosystemet. Ikkje minst gjeld dette for det lite synlege men grunnleggjande livet i og ved vassdraga våre -mikroorganismane. Berre små endringar i t.d. fukt kan vera avgjerande for små følsome organismar som alger, sopp, bakterier, plankton... Slike små organismar er igjen livsgrunnlag for andre artar i økosystemet som insekt og planter, og vidare er desse livsgrunnlag for fisk, fugle- og dyreliv. Slik forstår vi at fysiske inngrep kan ramme artar også inndirekte, og ikkje berre i nær tilknytning til vassdraget men også vidare via ringverknader i økosystemet. Menneskelege verdiar knytta til rekreasjon, fangst, friluftsliv og turisme vil og verta påvirka.

 

Utbetrande tiltak

Samstundes med auka kunnskap om konsekvensar ved utbygging får vi og auka kunnskap om metodar for å ta omsyn til ulike artar sitt levemiljø. Krava til utbyggjar om å ta omsyn vert stadig meir omfattande. Dette har nok også vorte høgare prioritert med tida sidan store deler av det norske vasskraftpotensialet allereie er bygd ut, og det er viktig å ta best mogleg vare på resterande urørt vassdragsnatur.

 

Korleis vel vi vidare?

Skal vi byggja ut meir eller verna resten? Vi har eit dilemma, vi ønskjer bevara vassdragsmiljøa våre, men energi vil vi ha. Samstundes veit vi at utslepp frå anna kraftforsyning truer klima, noko som gjer vasskrafta meire attraktiv. Det finst ein elegant måte å unngå slike dilemma på (både berga vassdragsnaturen vår, og unngå utslepp) -vi kan velgja å redusera vårt forbruk. Vi kan og håpa på at det hjelper å utvikla kraftforsyning frå andre fornybare energikjelder.

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum