Mange kraftverk har magasin for lagring av vatn, og kan dermed regulere vassføringa.
Elektrisitet kan ikkje lagrast i stor målestokk. ( Batteri kan lagre ei avgrensa mengd). Energien i vatnet ( bevegelsesenergien) kan vi derimot lagre i naturlege eller kunstige basseng. Slik kan vi ha vatn klart til bruk heile tida når vi treng det - også i tørkeperiodar. Vi berre slepp ut den mengda vi til ein kvar tid treng for bruk til energiproduksjon i kraftstasjonane. Når vatnet ligg lagra kallar vi det stillingsenergi (potensiell energi, når det beveger seg, blir det energi(bevegelsesenergi). Dette blir kalla regulering av eit vassdrag.
Vatnet i eit vassdrag kan altså samlast i eit vassmagasin, også kalla reguleringsmagasin, som anten er ein naturleg innsjø eller eit kunstig basseng. Tretten av dei atten største innsjøane i Noreg er i bruk som reguleringsmagasin. Kunstige magasin etablerast ved å demme opp delar av eit vassdrag ved hjelp av dammar.
Eit kraftverk kan ha eitt eller fleire magasin. Eit magasin som har inntak for kraftverket kallar ein og inntaksmagasin. Når det ikkje høyrer til eit reint elvekraftverk kan også inntaksmagasinet ha stor kapasitet og rom for å regulere vasstand og vassføring.
Kapasiteten i eit magasin oppgir ein som volum i millionar kubikkmeter (mill. m3) eller som energi i gigawatttimer (GWh) ved fullt magasin. Både magasinkapasiteten og fallhøgda ned til kraftstasjonen er viktig for kraftproduksjonen. Sjå oversikt over dei største reguleringsmagasina i landet, saman med nokre døme frå kraftverka som er spesielt presenterte her på vasskrafta.no.
Vassvegen for eit magasinkraftverk er i nokre tilfelle svært lang med inntaksmagasin langt inne på fjellet og kraftstasjonen nede i ein dal eller ved havet. Det er vanleg med ein tilførselstunnel med lite fall øvst, følgt av ei bratt strekning ned til kraftstasjon med røyrgate i dagen eller i fjell. Det er slik fordi ein ønskjer å utnytte den maksimale fallhøgda så nær kraftstasjonen som mogleg. Kort sagt: Mest mogleg kontrollert vassmengd, så høgt fall som mogleg, og så nær kraftanlegget som mogleg.
Med kraftstasjon i fjell er også vassvegens bratte seksjon sprengt ut i fjellet som ei sjakt. Er kraftstasjonen i dagen, så er oftast den bratte delen lagt som røyr nedover fjell- eller dalsida. Men det finst også kraftverk med sjakt og deretter ein vassrett strekning med røyr fram til ein kraftstasjon i dagen – og kraftverk med skrå tunnel heile vegen frå inntaksmagasinet til kraftstasjonen.
Eirik Øgaard og Stein Haugen, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Kjelder: Erlandsen, Arne H. (2006): "Vannkraftutbygging i Norge – Grunnlag, utbygginger og utførelse", i Kulturminner i norsk kraftproduksjon – en evaluering av bevaringsverdige kraftverk (KINK), s. 34-69. Oslo: Norges vassdrags- og energidirektorat. (NVE-rapport 2/2006)
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum