Vasskrafta

Søk

Du er her:

Teknologi

Vemork kraftverk er eit høgtrykkskraftverk, med magasin og fallhøgd på 300 meter. Det kom i drift i 1911 og blei i 1971 avløyst av nye Vemork kraftverk som ligg i fjellet bak den mektige stasjonsbygningen.

Vemork blir og omtala som Rjukan I og nyttar fallet frå Skarsfoss og ned til kraftstasjonen. Rjukan II, betre kjent som Såheim kraftverk, nytta seg av det resterande fallet på 273 meter mellom Vemork og Rjukan. Opphaveleg tilføring av vatn til Vemork var på 47 m3/s som seinare auka noko. Vemork kraftverk sine hovuddelar var eit lite inntaksmagasin, dam, tunnel, fordelingsbasseng, røyrgate, kraftstasjon og utlaup frå stasjonen til tunnel til Såheim kraftverk.  Røyrgata er sett saman av 11 røyrledningar på 720 meters lengde. Øvre delen av røyrgata er klinka, medan nedre del består sveiste røyr på 6 meters lengde. Dei er sett saman ved hjelp av muffer som er sveist fast på røyra og deretter klinka saman.

Det var installert 10 aggregat i kraftstasjonen som starta opp i 1911. Alle aggregat hadde to Pelton turbinhjul, og kvart hjul med to stråler og dyser. Verknadsgraden av desse ti turbinane blei høgare enn ein først trudde. Difor bestemte Hydro i 1913 å utvida kraftverket med enda eit 11. Pelton aggregat, for å kunna ha full drift på kraftverket sjølv når eit aggregat var ute til reparasjon. Etter utvidinga fekk anlegget auka kapasitet frå 108 MW til 120 MW. Men den teknologisk utviklinga står aldri stille og etter ei tid starta ei ombygging av turbinane i Vemork kraftverk. 9 turbinar blei ombygd. Dette førte til 8% auke i verknadsgraden. Parallelt med ombygginga blei det i 1925 installert eit 12. aggregat som var planlagt heilt frå starten av første byggetrinn. Dei første kraftverka med høge fall hadde alltid Pelton-turbinar. På det 12. aggregatet derimot valte Hydro sine ingeniørar no å bruka Francis-turbin. Eit dristig val, då dette var første gong ein Francis-turbin blei brukt på eit så høgt fall, 300 meter. Det blei ein suksess, både økonomisk og produksjonsmessig.

 

Kjelder: Kulturminner i Norsk Kraftproduksjon (KINK) - Norges vassdrags- og energidirektorat 2006, Norsk Hydro 1905 - 1955, Et eventyr fra realitetenes verden, Kr. Anker Olsen - Norsk Hydro 1955

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum