Før industrien var det ikkje mange innbyggjarar på Rjukan, men med dei store utbygginga av Vemork og Såheim strøymde dei til.
Av dei tre store industrisamfunna som vaks fram på starten av 1900-talet - Odda, Notodden og Rjukan - så var folketilstrøyminga størst til Rjukan. Ved århundreskiftet budde det 369 mennesker i heile Dal sokn som Rjukan var ein del av. I 1910 blei Rjukan ein tettstad med 2 109 innbyggjarar. I 1914 budde over 4 200 mennesker i Rjukan og i 1920 var folketalet kome opp i 8 756 personar. Det var behov for mykje meir arbeidskraft enn det fanst i distriktet. Det kom folk til Rjukan frå fjern og nær for å arbeida og mange av desse blei verande. Behovet for bustadar var stort og bedriftene sette i gong med bustadbygging, fram til 1917 blei det bygd 187 "Egne Hjem"-boliger på Rjukan. I 1919 hadde Hydro 1 143 leilegheiter, 999 for arbeidarar og 144 for funksjonærar. Likevel var bustadnauden så stor at enkelte arbeidarar måtte overnatta på fabrikken fordi dei ikkje hadde plass å bu.
Etter 1960 flytta Hydro meisteparten av salpeterproduksjonen til Herøya i Porsgrunn og i dag er ikkje Rjukan det industrisamfunnet det ein gong var. Høgste innbyggjartal i Rjukan var på heile 12 000 innbyggerar. I dag bur berre 3 350 personar i Rjukan og satsinga i dag er meir på turisme enn på industri, sjølv om det framleis er igjen litt industriverksemd.
Kjelder: På klassekampens grunn. Arbeiderbevegelsens historie i Norge, bind 2. Øyvind Bjørnson, Oslo 1990.
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum