Vasskrafta

Søk

Du er her:

Verdas største vasskraftverk

Vemork kraftverk kom i drift i 1911 og var i mange år det største vasskraftverket i verda. Det var Sam Eyde som stod bak utbygginga av kraftverket på Rjukan og det var ein del av Norsk Hydro satsinga hans. Verket produserte kraft fram til 1971 då starta eit nytt kraftverk i fjellet bak Vemork kraftstasjon opp. I dag held Norsk Industriarbeidermuseum til i stasjonsbygningen.

Vemork er kanskje, saman med Alta, Norges mest kjente kraftverk. Mykje grunna "Tungtvanns-aksjonen" under andre verdskrig. Og Vemork er, i likhet med Tysso I  i Tyssedal og Svelgfoss på Notodden, bygd av Sam Eyde. Alle desse utbyggingane var viktige og store utbyggingar i høve industrialiseringa av Norge. Svelgfoss på Notodden kom først, og var starten på etableringa av Norsk Hydro i 1905. Deretter kom Tysso I i drift i 1908, og sist men ikkje minst så kom verdens største vasskraftverk, Vemork, i drift i 1911.

Maskinhallen i Vemork kraftverk. Foto: Norsk Industriarbeidarmuseum

 

Utbygginga av kraftverket starta i 1907. Bygginga tok fire år og i 1911 var kraftverket klart med ti aggregat og ein ytelse på 108 MW. Anleggsarbeidet blei delt i to og leda av henholdsvis overingeniør Olav Heggstad og Gregus Gregussen Vogter. Øvre del omfatta Møsvanndammen, inntaksdam ved Skarsfoss og tunnel til fordelingsbassenget. I nedre bygde ein fordelingsbasseng, røyrgata, kraftstasjon og kraftoverføring. Sigurd Kloumann var øvste byggeleiar.

Det blei bestemt at tunnelarbeidet skulle basera seg på handdrift og ikkje maskinell drift. Dette fordi datidas maskinelle drift var primitiv og dyrare enn å laga ein handboren tunnel. Men sjølv om ein baserte seg på handdrift så måtte ein skaffa elektrisitet til lys, pumper, ventilasjon etc. Dette fekk ein frå ein provosorisk kraftstasjon ved Kvernhusfossen.

 

Tungtvann

Under andre verdskrigen produserte tyskerane tungtvatn i fabrikken som lå foran kraftstasjonen. Denne produksjonen var iktig for tyskerane sin atomforsking, og var viktig i  utvikling av ei eventuell atombombe. I 1943 utførte Kompani Linge frå England saman med to nordmenn den verdskjende sabotasjeaksjonen mot anlegget. Dei øydela tungtvannsfabrikken, men like etter starta tyskerane opp igjen produksjonen. Seinare blei tungtvannsproduksjonen flytta til Tyskland.

 

Kjelder: Kulturminner i Norsk Kraftproduksjon (KINK) - Norges vassdrags- og energidirektorat 2006, Norsk Hydro 1905 - 1955, Et eventyr fra realitetenes verden, Kr. Anker Olsen - Norsk Hydro 1955

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum