Valen kraftverk er eit magasinkraftverk som er bygt ut i fleire etappar over ein lang periode i frå byggestart i 1908 og fram til den nyaste kraftstasjonen tok over produksjonen i 2008. Vi vil ta for oss det tekniske bak dei to første kraftstasjonane frå høvesvis 1910 og 1939.
Den første kraftstasjonen vart oppført i perioden 1908-10 og ingeniør Falkenberg stod bak planlegginga. Prosjektet var ambisiøst, og rett før start gjekk amtet inn for å utstyra asylet med dei beste tekniske hjelpemidla som var å få. For å få dette til, var det viktig med tilstrekkeleg produksjon av elektrisk straum. Opphaveleg hadde amtstinget gått inn for å kjøpa vassrettane i den nedre delen av Valeelva, men om dei berre skulle nytta fallet frå Bjørkedalsdammen kunne dei gløyma elektrisk oppvarming. Det ville vera nok til lys, men oppvarming måtte skje ved fyring og damp. Amtet gjekk inn for større utbygging, og Valedalsvatnet vart hovudmagasinet for kraftverket. Valedalsdammen romma ved oppstart eit magasin på 1,5 mill m3 og sikra vassforsyning til kraftverket om vinteren. I tillegg vart det oppretta eit magasin endå lenger opp ved Vetledalsvatnet, og der kunne ein tappa 0,3 mill m3 ved behov.
Sjølve inntaket til kraftstasjonen låg ved Bjørkedalsdammen, og frå denne gjekk det ei 764 meter lang røyrgate med fall på 150 meter ned til kraftstasjonen. Der var det to peltonturbinar og likestraumsgeneratorar på 300 kW kvar. Mesteparten av produksjonen gjekk til oppvarming. På sjukehuset var det 170 elektriske omnar og rundt 500 lampar. Årsmeldingane frå den tekniske drifta viser at det var ujamn produksjon i kraftverket på grunn av for små magasin, kulde, ising og tørre periodar. I 1914 vart Bjørkedalsdammen heva med 1 meter, og dermed vart kapasiteten i inntaksmagasinet dobla. I 1917 vedtok amtet å heva Valedalsdammen med 3 meter. Arbeidet vart utført om somrane 1917, 1918 og 1919. I dag er kapasiteten til Valedalsdammen dobla til 3 mill. m3.
Asylet på Valen vart utvida fleire gonger dei neste tiåra etter oppstarten i 1910, og i 1935 fekk det namnet Valen sjukehus. Alt i 1917 tok direktøren ved sjukehuset opp behovet for reservemaskin for å sikra behovet ved sjukehuset. I 1923 hadde sjukehuset fått 1250 lampar og dei elektriske omnane tilsvarte no ein effekt på 1300 kW. Dei to maskinene i kraftstasjon 1 var på 600 kW, og ein måtte vera varsam slik at dei ikkje vart overbelasta.
I 1937 kjem overingeniør Per Lægreid med tre alternativ for nytt kraftverk for å auka produksjonen. Lægreid argumenterte sterkt for det dyraste og mest framtidsretta alternativet. I 1939 kom den nye kraftstasjonen på plass, no med inntak frå Svartatjødno og ei ny røyrgate på 1560 meter og fallhøgde på om lag 300 meter.
Den nye kraftstasjonen vart plassert like ved den gamle kraftstasjonen, og den gamle var i bruk som reservekraftverk fram til 1956. I Per Lægreid sin rapport frå 11. juni 1940 kjem det fram at den same vassføringa som i den gamle stasjonen produserte om lag 60 kW, kunne no produsera om lag 140 kW i den nye kraftstasjon på grunn av dobbel fallhøgd og auka virkningsgrad.
Der den gamle kraftstasjonen produserte likestraum, vart hovudproduksjonen i den nye vekselstraum. I perioden 1954-56 vart kraftstasjon 2 utvida, både bygningsmessig og på maskinfronten. Då vart den gamle kraftstasjonen tatt ut av drift.
I 2008 kom den tredje kraftstasjonen på plass, og kraftstasjon 2 vart tatt ut av drift. Kraftstasjon 3 ligg midt mellom 1 og 2, og igjen har produksjonen blitt større og meir produktiv.
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum