Vasskrafta

Søk

Du er her:

Intervju med Rune Thorkildsen

Rune fekk jobb på Valen sjukehus i 1999, etter å ha vore på reis i 13 år. Han hadde eigentleg fått jobb på Søral, men takka heller ja til jobben på Valen sjukehus sjølv om denne var dårlegare betalt. Rune er son til Kåre Thorkildsen, og tok over hans jobb i teknisk avdeling når Kåre gjekk av med pensjon. 

Rune fortel om kva det omfattande og det komplekse gikk ut på, Rune fekk blant anna meiransvar for kraftverket. Rune fortel om damtilsyn og utfordrande arbeid med trerøyra som vart fasa ut i 2008 med oppstart av kraftstasjon 3. Rune fortel om endring av driftansvaret i forbindelse med oppstart av kraftstasjon 3 og før det endringa av eigarforhold då staten tok over sjukehuset medan kraftverket fortsatt var hos fylket. I dag har Rune fortsatt tilsyn og ansvar for delar av vedlikeholdet, men ikkje som ansatt på sjukehuset. Han leigar seg ut til Kvinnherad Energi, i tillegg til full stilling på sjukehuset. Rune fortel om utviklinga frå kraftstasjon 2 til den meir moderne kraftstasjon 3. Rune er ofte i fjellet og kombinerer fritid og jobb slik at han ser gjerne til anlegget når han er på sauesanking eller jakt.

 

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum