Vasskrafta

Søk

Du er her:

Valen kraftverk si historie

Valen kraftverk vart bygd i fleire etappar få 1908 for å gje elektrisk straum til Valen sjukehus, som var i drift frå 1910. Valen sjukehus var ein av dei første offentlege institusjonane i Norge som fekk eige kraftverk, og som baserte seg på elektrisk oppvarming.

Søndre Bergenhus Amt (frå 1919 Hordaland fylkeskommune) gjorde i 1908 eit vedtak om å bygga asyl på nordre Valen gard. Der var det gode forhold, deriblant låg det til rette at ein kunne bygga kraftverk med tanke på oppvarming. Anleggsarbeidet starta opp vinteren 1909-10 med ingeniør Christian Drangsholt som leiar. I løpet av 1910 var både Valen asyl og kraftverk i drift. Valen sjukehus vart med dette det første sjukehuset i Norge med elektrisk oppvarming. Av større offentlege institusjonar var det berre slottet og ei kyrkje i Oslo som var tidlegare ute. At det var eige kraftverk ved Valen, gav store økonomiske fordelar for sjukehusdrifta.

Arkitekt Sigurd Lunde teikna både asylet og kraftstasjonen. I denne perioden vart det bygd ei rekke kraftstasjonar i Norge, ofte monumentale bygg i naturstein. Det første kraftverket i Tyssedal vart til i same tid, og det er grunn til å tru at Sigurd Lunde let seg inspirera av dette bygget - som hadde sine klare referansar til europeiske kyrkjer og katedralar. 

 
Valen kraftverk i 2015. Foto: Harald Hognerud/NVIM

Asylet var utvida fleire gongar dei neste tiåra, og fekk namnet Valen sjukehus i 1935. Utvidingar og forbetringar heldt fram både på bygg og andre fasilitetar. Ikkje minst på 1950-talet var det ein betydeleg ekspansjon, og sengetalet var på sitt høgaste i 1961 med 520 pasientar.

Alt i 1917 tar direktøren ved Valen opp behovet for reservemaskin for å sikra kraftbehovet ved sjukehuset. Under opninga i 1910 var det 500 lampar, og dei tilknytta elektriske apparata tilsvarte 500 kW. I 1923 var det installert 1250 lamper og elektriske apparat med installert effekt på 1300 kW. Dei to maskinene i den første kraftstasjonen hadde ei yteevne på 600 kW kvar.

Fleire alternativ låg på bordet for å få auka den elektriske produksjonen. Eit einstemmig fylkesutval gjekk inn for det største alternativet etter ein befaring i 1937. Den nye kraftstasjonen stod klar i 1939, og 21. september 1939 tok den nye kraftstasjonen over leveransen til sjukehuset og fleirdobla produksjonen. Den gamle kraftstasjonen var i bruk når det var nødvendig fram til 1956.

I 2002 tok staten over ansvaret for sjukehusa, og Valen sjukehus vart ein del av det statlege føretaket Helse Fonna, men garden og kraftverket vart skilt ut og er framleis Hordaland fylkeskommune sin eigedom. Kvinnherad Energi overtok driftsansvaret for kraftproduksjonen.

I 2007-2008 vart det igjen bygt eit nytt kraftverk på Valen. Kraftstasjon nr. 3 ligg mellom stasjon 1 og 2, er eit moderne kraftverk som er lettare å drifta enn stasjon 2, og produserer meir elektrisitet. Berre den nyaste stasjonen er i drift i dag. Stasjon 2 vart tatt ut av drift 6. juli 2008. Den eldste kraftstasjonen har, etter å ha stått til nedfalls i mange år, blitt noko restaurert. Lokale frivillige gjer sitt til at stasjonen skal bli tatt vare på som eit kulturminne.

 

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum