Vasskrafta

Søk

Du er her:

1906 - 1908: Første byggetrinn

I slutten av august 1906 starta arbeidet for alvor i Tyssedal og Skjeggedal. 15. juni same år inngjekk AS Tyssefaldene kontrakt med The Sun Gas Co. Ltd. om levering av straum frå 1. mai 1908. Dei hadde under 2 år på seg til å byggje kraftanlegget. Det kom fleire hundre arbeiderar på plass på kort tid for å gjera eit arbeid ingen hadde sett maken til før.

Inntaksdam og tunnel

Ved Vetlevatn i Skjeggedal bygde dei ein dam for å demma opp og temma den mektige elva, Tysso. Frå dammen blei det bygd ein 3,4 kilometer lang tunnel med tverrsnitt på 10 kvadratmeter til fordelingsbassenget på Lilletopp.

Inntaksdammen ved Vetlevatn i Skjeggedal. Her starta vasstunnelen på 3,4 kilometer. Foto: AS Tyssefaldene/NVIM

Ein laga tunnelen ved å gå inn frå seksten stader nedover tunneltraséen. Dette vart kalla "tverrslag" og det var to arbeidslag per tverrslag. Ein jobba seg frå eit tverrslag mot det neste, heilt til ein møtte arbeidslaget frå motsett ende. Handboring og dynamitt var arbeidsreiskapen. Tolv timar på og tolv timar av, nattskift og dagskift bytte på senga i barakka. Temperaturen i tunnelen var behagelig, om sommaren var det kaldare enn ute i det fri og omvendt om vinteren.

Eit av tverrslaga til tunnelen mellom inntaksdammen og fordelingsbassenget. Foto: AS Tyssefaldene/NVIM

 

Jag likte anleggsarbete og best va tunnelarbete. Vi tjente betre og det var meir trivligt, vi hadde meterpris og kunne själv kontrollera förtjenest, vi va vår egen herre. -Eric Lindstrøm

 

Røyrgata

Dei la to røyr på 730 meters lengde frå fordelingsbassenget på Lilletopp og ned til kraftstasjonen ved fjorden. Før arbeidet med sjølve røyra kunne starta måtte fjellsida ryddast. Meter for meter blei den nøye reinska av arbeidskarane. Dei laga og ein provosorisk veg, enkle trappetrinn i røyrtraséen, for å kome til for å setje opp forskaling og blande betong til å byggje fundament. Då dette var ferdig brukte dei om lag eit halvt år å få på plass sjølve røyra. 400 meters høgdeforskjell i bratt terreng, på det brattaste heile seksti graders helling. Det var den bratte fjellsida som gjorde at dei valgte denne løypa, slik at dei fekk stort trykk ut av vatnet.

Dei to første røyra er nesten klare i mars 1908. Foto: AS Tyssefaldene/NVIM

Arbeidarane var stort sett folk frå distriktet, mange med erfaring frå Bergensbana. Dei jobba i mange lag oppetter den bratte fjellsida, og for at dei ikkje skulle skyta kvarandre ihjel vart innførte dei faste skytetide. Dei starta nedst til eit fast tidspunkt, og så smalt det oppover med fem minutters mellomrom.

 

Kraftstasjonen

Tomta til Tysso 1 bestod av bratte svaberg og ikkje godt eigna som tomt for ein kraftstasjon. Men den bratte fjellsida var idéell for å få høgt trykk på vatnet og bestemte kor kraftstasjonen måtte byggjast. Dei hogde ut ei tomt nede ved fjorden og lagde fundamentet til kraftstasjonen. Det kom på plass seks turbinar som var levert av Escher Wyss & Co. og seks generatorar frå Allmänna svenska Elektriska Aktiebolaget (ASEA). Arkitekten Thorvald Astrup teikna kraftstasjonen.

Tysso 1 i april 1907 og februar 1908. Dra i slideren for å sjå endringa som skjedde på 10 månader. Foto: AS Tyssefaldene/NVIM

Tre dagar etter skjema, den 4. mai 1908, starta produksjonen i Tysso 1. Generator 5 var den første som kom i gang og leverte straum med spenning på 12 500 volt inn til fabrikkane i Odda. 400 meters fallhøgde og spenning på 12 500 volt var heilt nytt, nok eit døme på pionerprosjektet Tysso 1. Dette var nok og ein grunn til at kraftstasjonen hadde fleire oppstartsproblem, det verste var bryterane for straumen på 12 500 volt. Dei eksploderte og blei bygd opp igjen gang på gang. Men i følge Edvard Svanøe tok alle det med godt mot.

 

Skrevet av Dag Endre Opedal, sist oppdatert 10.09.2015
Kilder: AS Tyssefaldenes utviklingshistorie 1906 - 1929, Knud Bryn, Fossekallen 2/1957, Tyssefallene, Edvard Svanøe, Norsk Folkemuseums Intervjusamling

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum