Tyssedal kraftanlegg opna i 1908, og ligg som eit slott innst i Sørfjorden i Hardanger. Kraftanlegget Tysso I var eit resultat av svensk kapital og norsk ingeniørkunst og forsynte to fabrikkar i Odda med straum. Eit og eit halvt år etter første spadestikk, var kraftanlegget i drift. Det vart seinare bygd ut i fleire byggetrinn. Den ambisiøse utbygginga varte i 12 år og sysselsette 500 mann, frå ingeniørar til rallarar.
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum