Tinfo I og Tinfos II var elvekraftverk med fallhøgde på 18, 5 meter og 29, 5 meter. Vassføringa kunne tidvis vera veldig stor og spesielt Tinfos I var eit tidlig, og for si tid relativt stort, utbygd kraftverk i Norge.
Ved oppstart i 1901 var det 2 aggregat i Tinfos I. Francisturbin med horisontal aksling på 1000 hestekrefter kvar, levert av Voith. I 1904 kom det eit nytt aggregat, også no francisturbin frå Voith men ytelsen hadde auka til 3250 hestekrefter. I 1907 kom det enda eit nytt aggregat av same typen som det frå 1904. Totalt hadde alle aggregata i 1907 ein ytelse på 6 MW og slukeevna var på 44 m3/s.
Frå inntaksdammen, Myrens dam, gikk det ei 124 meter lang klinka røyrgata med ein diameter på 4 meter.
I 1912 kom kraftstasjonen Tinfos II i drift og hadde då 3 horisontale turbiner, levert av Voith, kvar på 6500 hestekrefter. I 1926 kom det eit enda eit aggregat, no med vertikal aksling, på 5600 hestekrefter. Når alle fire aggregata var på plass så var installert effekt på ca. 18 MW.
Ovanfor Tinnfossen ligg Sagafossen og halvparten av den vart tatt med når Tinfos II vart utbygd frå 1910. Dette auka fallhøgda frå 18,5 meter i Tinfos I til 28,5 meter i Tinfos II. For å få dette til så bygde Tinfos den 900 meter lange Holtakanalen.
Frå inntaket i enden av Holtakanalen går det fire klinka jernrøyr ned til kraftstasjonen. Det var 4 røyr som forsynte kvar sitt aggregat med vatn. Røyra er 60 meter lange og har ein diameter på 3,2 meter.
Skrevet av Dag Endre Opedal, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Kjelder: Norske kraftverker 1, Teknisk Ukeblads forlag 1954 - bokhylla.no
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum