Notodden hadde ein stor befolkningsauke på grunn av framveksten av industrien på starten av 1900-talet. Det var etableringane til bedriftene Tinfos og Hydro som var bakgrunnen til denne framveksten.
Så seint som i 1865 var det berre 350 personar i det som i dag er Notodden by. I 1900 hadde befolkningen auka til 1900. Notodden og Tinfos hadde allereie før 1900 fått etablert industri og var no blitt det naturlege sentrum i Heddal. I 1907 hadde Norsk Hydro bygd ut Svelgfoss kraftverk og fått på salpeterfabrikk i Notodden, då var befolkningen på 2000 personar. I 1910 hadde det auka kraftig til 5000 innbyggjerar. Dette medførte store utfordingar med tanke på byutviklinga og moderne anlegg som vatn og kloakk. Presset førte til eit ønske om at Notodden skulle bli eigen kommune, i 1913 vart Notodden skilt ut av Heddal kommune og Notodden fekk bystatus.
I ein perioden så arbeide 38 prosent av befolkningen på Notodden på Tinfos eller Hydro sine bedrifter, i 1987 så vart Tinfos jernverk lagt ned etter 77 års drift og i dag arbeider ikkje lenger majoriteten av befolkningen innanfor primærnæringane eller industrien. I dag arbeider rundt 60 prosent innan tenesteproduksjon og den gamle industrien er erstatta med nyare industri innanfor offshore, høgteknologi og forsvarsindustri.
I 2015 vart Notodden og Rjukan skreve inn i lag på UNESCO si verdsarvlista med sin unike industrihistorie.
Skrevet av Dag Endre Opedal, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Kjelder: Aftenposten.no - industrien vekst og fall (besøkt 01.05.2016) Faugli, Per Einar. Rjukan/Notodden : vannkraft og verdensarv : norsk vassdragshistorie. 2015 Wikipedia (besøkt 01.05.2016)
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum