Såheim kom i drift i 1915 og var det andre kraftverket, etter Vemork, i Rjukanutbygginga til Hydro.
Hovudarbeidet med Såheim føregjekk mellom 1913 og 1915. Den 8. oktober 1915 blei omnane i salpeterfabrikken tent med elektrisitet frå Såheim kraftverk. Arbeidet med Såheim var enklare enn med Vemork. Anlegget låg midt i Rjukan sentrum og det meste av kommunikasjon, elektrisitet og personale var på plass. No hadde ein klar staben med ingeniørar og arbeidarar med erfaring frå vasskraftutbygging.
Såheim kraftverk er i prinsippet veldig likt Vemork kraftverk, men ein møtte også utfordringar under bygginga av dette anlegget. Den største var terrenget, som skapte ein utfordrande problemstillingar. Fjellsida over Såheim var så bratt og rasfarlig at ein gav opp første planen om å lage veg langs den 5,8 km lange tunneltraséen. Dei nytta heller jernbanelinja mellom Såheim og Vemork og bygde taubanar opp til kvart tverrslag i tunnelen for å frakta materiale, proviant o.l. Som for Vemork var mesteparten av tunnelarbeidet gjort med handboring, men nokre plassar brukte dei og trykkluftboring. Grunna den rasfarlege fjellsida kunne ein heller ikkje leggje røyrgata på utsida av fjellet som var vanlig å gjera. Det blei i staden bygd 3 tunnelar med 3 røyr i kvar tunnel.
Såheim kraftverk ligg fint til ved elva som går gjennom Rjukan sentrum. Foto: Dag Endre Opedal
Thorvald Astrup og Olaf Nordhagen har æra for det monumentale preget som Såheim fekk, og bygget vart etterkvart kalla "Operahuset". Bygget er 110 meter langt og som vi ser på bilete har det mange etasjer. Det er fordi bygget ikkje berre er ein kraftstasjon. Sjølve kraftverket er i den fremste delen. Den øvre delen er 5 etasjer høg og inneheldt ovnshus, så her var det kraftverk og fabrikk i same bygning. På den måten slapp Sam Eyde og Hydro å søkja konsesjon for overføring av elektrisitet. Og ein fekk noko som må vera den vakraste fabrikken i verda.
Då drifta starta opp i Såheim kraftverk gjekk det veldig bra. Der mange kraftverk frå denne perioden sleit med oppstartsproblem og barnesjukdomar så kunne staben på Såheim nyta godt av tidlegare erfaringar og den eine maskina etter den andre blei starta opp og kobla inn på drifta utan nemneverdige problem. Og når Såheim kraftverk var kome i gang så hadde Hydro heile 1/3 av den samla norske kraftproduksjonen.
Kjelder: Norsk Hydro 1905 - 1955, Et eventyr fra realitetenes verden, Kr. Anker Olsen - Norsk Hydro 1955, Kulturminner i Norsk Kraftproduksjon (KINK) - Norges vassdrags- og energidirektorat 2006
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum