Sjølve elektrisitetsproduksjonen skjer inne i kraftstasjonen. Det fallande vatnet frå røyrgata set eit turbinhjul i rotasjon. Turbinen er kopla til ein generator via ein aksling. I generatoren roterer så ein elektrisk leiar tett inntil ein sterk magnet. Magnetfeltet påverkar elektrona i leiaren (dei er jo ladde partiklar) og set desse i synkron rørsle, og det er straum.
Kraftstasjonen rommar turbinane og generatorane, ofte transformatorar og dessutan forskjellige hjelpeanlegg og apparatrom.
Vi kan laga straum med ein leidning og ein magnet, som i ein generator.
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum