Nore I var blant dei første store vasskraftutbyggingane i Noreg i regi av staten, og var Noreg sitt største kraftverk når det opna i 1928.
Tunhovddammen slik den såg ut når den var ferdig i 1920. Foto: Ivar Aasen/Statkraft
Det var privatpersonar som kjøpte opp fallrettane på 1890-talet, og så i 1907 kjøpte staten fallrettane. I 1914 vart det gitt konsesjon til regulering av Tunhovdfjorden. I 1920 stod Tunhovddammen ferdig, det var ein gravitasjonsdam bygd i betong, ein metode som på den tida framleis var på eit tidleg utviklingsstadium. På 60-talet vart det oppdaga skader i betongen, og dammen vart bakt inn i ny fyllingsdam som stod ferdig i -66.
Tidleg på 20-talet var omlag 1300 personar knytt til utbyggjinga, og som vanleg ved slike store utbyggjingar var dei fleste innflyttarar. Det vart bygt provisoriske kraftverk og Rødberg vart ein tettstad med boligar, vegar, butikkar, forsamlingslokalar, og skular. I 1927 nådde jernbanen fram, med spor heilt inn i kraftstasjonshallen.
Når kraftverket stod ferdig i 1928 hadde det 4 aggregat. Utbygginga la beslag på relativt mye statlige midler i trange økonomiske kår for Noreg på 20- og 30-talet. På slutten av 30-talet og under 2. verdskrig var det igjen auke i kraftbehovet. Nore I vart utvida med nye aggregat i 1939, 1942, 1943 og i 1955. Til slutt vart installasjonen på 200 MW og ein middelproduksjon på 1140 GWh.
I 1946 vart også kraftverket Nore II satt i drift med ein installasjon på 63 MW.
Opprinneleg røyrgate er smisveist. I seinare tid ga NVE påbod om utskifting, og i -97 var ny vassveg i fjell ferdig. Dei opprinnelege røyra ligg der framleis, utan vassføring, bevart som kulturminner.
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum