Vasskrafta

Søk

Du er her:

Historie

Bakgrunnen for kraftutbygginga i Sauda var den nasjonale strategien om å byggja ut storindustri i Norge. 

Aktieselskabet Saudefaldene vart skipa i 1913, med føremål å byggja og driva kraftverk i Storelvvassdraget i Ryfylke. Vassrettane vart samla frå 1908, og kom på Saudefaldene sine hender i 1913.

Med ei lengd på 45 kilometer og høgste nivå på 1200 meter, var det klart at vassdraget kunne produsera store kraftmengder. Etter sonderingar med ulike interessentar, oppretta direktør Sigurd Kloumann kontakt med Union Carbide Corporation i New York, og signerte i 1914 ein førebels kontrakt om kraftleveransar. Då det offentlege skulle ta stilling til Saudefallene sin konsesjonssøknad, var det eit gunstig moment at Saudefaldene var eit reint norsk selskap, finansiert av norsk kapital. Sauda kommunestyre uttalte seg positivt til utbygging, og 30. juni 1914 gav Stortinget Saudefaldene konsesjon for 65 år.

I desember 1914 vart det inngått kraftavtale med Electric Furnace Products Company Ltd., eit dotterselskap av Union Carbide Corporation. Electric Furnace Products Company Ltd. etablerte elektrokjemiske og metallurgiske fabrikkar i Sauda, med elektrisk kraft frå Saudefaldene.

Sauda III er det eine av dei fire kraftverka i hovudutbygginga i Sauda, og kom i drift med to aggregat i 1930. Kraftstasjonen er bygd i art deco-stil som er lite brukt i Norge, teikna av arkitektane Bjercke og Eliassen.

Bakgrunnen for kraftutbygginga i Sauda var den nasjonale strategien om å byggja ut storindustri i Norge. Kraftpotensialet i Storelvvassdraget var oppdaga, teknologien for kraftutbygging fanst, og det var interesse for å etablera industri i Sauda.

Saudafaldene har idag eit godt arkiv som dokumenterer historia både for kraftverk, industri og samfunn i Sauda.

 

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum