Vasskrafta

Søk

Du er her:

Glomfjord kraftverk - den første store statlege utbygginga utanfor Oslo

Vassrettane til Glomfjord kraftverk vart kjøpt opp i 1912 og utbygginga starta i 1913-1914 men blei ikkje fullført. Dette skuldast leveringsproblem av utstyr grunna første verdskrig, og ikkje minst ressursmangel og prisstigning etter krigen. Sinksmelteverket som skulle bruke krafta kom ikkje på plass raskt nok og første åra av 1920-talet var prega av mange streikar.

Statsminister Gunnar Knudsen kjempa for at staten skulle kjøpa det halvferdige kraftverket i Glomfjord. Til dess skulle staten berre sørga for alminnelig kraftforsyning og elles legga til rette for elektrifisering av jernbanen. Stortinget godkjente kjøpet i 1918 . Vassdragsvesenet fekk ansvaret for å fullføra utbygginga av Glomfjord kraftverk, men mangla både kunnskap og fagpersonell. Den tidlegare byggeleiinga med ingeniør Ragnvald Lie i spissen fekk derfor fortsetta og 19. mai 1920 var kraftverket klar til å levera straum.

Sinksmelteverket som skulle nytta straumen frå Glomfjord kraftverk gjekk konkurs etter kort tid. Alt arbeid blei innstilt.  Det nye lokalsamfunnet i Glomfjordet gjekk tøffe år i møte. Storkunden til straumen var borte, og det nytta ikkje at staten kjøpte Sinkverket på tvangsauksjon i 1924 for to millioner kroner. I 1926 inngjekk Staten ein avtale med A/S Haugvik Smelteverk om å levera 36 MW pr. år. Smelteverket skulle produsera aluminium for The British Aluminium Corporation Ltd. (BACO). Den første omnserien hadde60 omnar og var i drift frå 30. september 1927. Krisa i Glomfjord var over for denne gongen.

Det var gode tider for aluminiumsindustrien på slutten av 1920-talet, og det nyetablerte smelteverket gjekk godt. Det sysselsette 300 mann og behovet for kraft var aukande. Men børskrakket hausten 1929 fører til dramatiske fall i prisane på aluminium. Det vart danna såkalla "trusts". Det vil seie at fleire aluminiumsselskap organiserte eit tett samarbeid for å begrense produksjonen og halde prisane oppe. Trusten "Alliance Aluminium Compagnie" kjøpte Glomfjord smelteverk i 1932 og fekk tildelt produksjonskvote gjennom det norske selskapet i "trusten": Norsk Aluminium Company. Reforhandlingar av kraftavtalen førte til at det berre vart levert 12 MW i 1938. Glomfjord kraftverk gjekk med tap.

Etter okkupasjonen av Norge i 1940 byrja tyskarane å byggje ein større aluminiumsfabrikk. Selskapet Nordag eller Nordische Aluminium Aktiengesellschaft vart stifta i Berlin i 1940 og skulle sikre aluminium til den tyske krigsindustrien. I tillegg til anleggsarbeida i Glomfjord starta selskapet opp prosjekt mellom anna i Saudasjøen, Odda, Årdal og på Herøya. Dei fleste prosjekta vart aldri fullførte. I Glomfjord stoppa byggearbeida og produksjonen av kraft opp grunna Glomfjordraidet 21. september 1842. Dette var eit sabotasjeangrep utført av norske og engelske kommandosoldatar og ein kanadiar. Kraftstasjonen kom delvis i drift igjen, men nybygginga stoppa opp. Etter krigen var det lagra materiell til tre nye aggregat i Glomfjord. NVE starta utbygging i 1946.

I 1947 aksepterte Stortinget eit tilbod frå Norsk Hydro om å bruke krafta i Glomfjord til å produsere kunstgjødsel. Hydro overtok fabrikkbygningane etter Haugvik smelteverk. Dei tre siste aggregata i Glomfjord kom i drift i 1948-49 og 1. juli 1949 starta produksjonen ved Norsk Hydro sin nye fabrikk: AS Glomfjord Salpeterfabrikk. Då Svartisen kraftverk (s.d.) kom i drift 1993 vart tillaupet til Glomfjord kraftverk sterkt redusert. Glomfjord Kraftverk produserte 25 periodar straum og i 1993 vart aggregatet frå 1922 ombygd til 50 periodar straum og dei andre aggregata vart sette ut av drift.

 

Kjelder: "De temmet vannet" Statkrafts tekniske kulturhistorie - Ivar Sekne og Lars Thue
Universitetsforlaget 2011, 
Kulturminner i Norsk Kraftproduksjon (KINK) - Norges vassdrags- og energidirektorat 2006

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum