Vasskrafta

Søk

Du er her:

Ei utbygging med mange utfordringar

Utbygginga av Mørkfoss-Sobergfoss tok lang tid - over 10 år. Bygginga tok lang tid fordi det oppstod problem og hendingar undervegs, men den langsame framdrifta førte også til at det oppstod nye utfordringar. I det vidare tek vi for oss nokre aspekt ved denne utbygginga som skapte problem;

I 1916 vart Oslo kommune og staten einige om ei felles utbygging av vassdraget frå Mørkfoss til Solbergfoss, der staten eigde det øvste fallet, Mørkfoss ved Øyeren og der Oslo kommune eigde fallrettane ned til Solbergfoss. Avtalen gjekk i boks mellom anna fordi kommunen hadde rekna ut at det ville vera gunstig produksjonsmessig med ei felles utbygging enn at partane bygde ut kvar sine fall. Utbyggingskostnadane ville og bli betydelig reduserte. Nå skulle alt liggje tilrette rask og effektiv utbygging, men det var mange hindringar på vegen fram til eit ferdig anlegg.

 

Verdskrigen

Første verdskrigen (1914-1918) førte til mangel på ressursar og prisane på alt frå mannskap til materiell skaut i veret. Det var ikkje berre det at det var problem med å skaffe arbeidskraft og utstyr, men når du hadde skaffa det du trengde var prisane auka. Eit døme på at prisane steig var at  i 1920/21 steig prisane på trevarer med 50%. Viktige materiale som jarn og kopar var mangelvare under krigen og mange leverandørar av maskiner og anna teknisk utstyr låg i krigførande land. Ein planla ferdigstilling av anlegget i 1922, men det kom ikkje i drift før i oktober 1924.

Då kommunen starta anleggsarbeidet sjølve i 1913 og fram til avtalen med staten var på plass arbeidde så mange som 330 arbeidarar på anlegget. I 1917 var berre 144 mann i arbeid fordi ein ikkje klarte å skaffe meir folk.

 

Anleggsarbeidet

Det var eit stort anlegg som skulle byggast og arbeidet var eit pioneerarbeid og stor ingeniørkunst. Men utfordringane stod i kø:

1.Grunnproblem; desse var store og fjellet i området var eit stort problem. Det var svært farleg å reinske tunnelane etter sprengning og fleire omkom i dette arbeidet. Eit anna grunnproblem møtte ein når ein skulle leggje damfundamentet. Dette måtte leggjast på fast fjell, men før ein kom ned til fjellet måtte ein først fjerne eit lag med kampesteinar. Ein visste ikkje kor djupt dette laget var. Når ein hadde fjerna steinane kom ein til eit lag med leire, kvarts og glimmer som nokre stader var heile fire meter djupt. Dette måtte fjernast før ein endeleg kom ned til fast fjell. Då ein hadde gjort det, kom 1920- flommen. Arbeidet måtte stansast til neste vinter og først i mars 1921 var botnen reinska og arbeidet med sjølve dammen kunne starte.

2. Tømmerfløting: Sesongen for tømmerfløting gjekk frå byrjinga av mai til slutten av november avhengig av kor mykje vatn det var i vassdraget, ca. 7 millionar tømmerstokkar passerte kvart år. Ein brukte mykje tid på å drøfte den beste løysinga for korleis tømmeret skulle passere anlegget. Det vart bygd ein 700 meter lang tømmerrenne på vestsida av elva. Det var utbyggaren sitt ansvar å sjå til at tømmeret ikkje vart forseinka. Under flaumen i 1920 vart det bygd ei tømmerrenne i tre slik at tømmeret vart frakta over hovudet på dei som reinska elvebotnen. Så mange som 40 anleggsfolk fløtte 27 000 stokkar til industrien nedanfor anlegget og utbyggjarane måtte betale erstatning fordi tømmeret ikkje kom fram i tide.

3. Arbeidskonfliktar. Anleggsarbeidarane var ofte svært radikale. I byggeperioden var det mange, store landsomfattande streikar som anleggsarbeidarane støtta. Dette førte til at mykje verdfull arbeidstid gjekk tapt. Konfliktnivået var til tider så høgt at byggeleiinga fekk politimynde. To av streikane fekk stor betydning for anlegget:  Storstreiken i 1921 førte til at ei last med aluminiumsmaster frå USA ikkje vart lossa. Til slutt trua leverandøren med å henta skipet heim med lasta ombord. Dette ville få store økonomiske konsekvenser og hindra framdrifta i prosjektet. Ingeniøren som leia byggearbeidet, Johan W. Sohlberg, fekk med seg 7-8 ingeniørar og fekk mastene i land. Han vart stempla som streikebrytar og ein fiende av fagrørsla. Hendinga kan ha fått konsekvensar for den vidare karriera hans. Den siste streiken -  jernstreiken i 1923-24 -  fekk ekstra store konsekvensar fordi den kom medan ein held på å montere dei to første turbinane. Ein hadde ikkje fått kontrollert turbinløpehjula før vårflommen og då denne kom skar turbinane seg og nok ein månad med arbeid var tapt.

I tillegg var det fleire mindre, lokale konfliktar som førte til stans i arbeidet. Oppsummert førte truleg konfliktane til over eit år med stans i arbeidet for heile eller deler av anlegget.

4. Ulukker: Solbergfoss anlegget krevde 13 menneskeliv og det var rapportert om minst 23 hendingar der arbeidarar vart alvorleg skadde eller som kunne vore fatale. Truleg var det mange fleire som aldri vart rapportert. Det var ulukker under fjellreinsk -  5 arbeidarar døydde under arbeid i tunnelane. Det var fall- og drukningsulukker. Ein som drukna vart ført under isen i Glomma og funnen i ein tømmervase om våren. Det førekom og sjølvmord.

Summen av desse forholda er at anleggstida vart svært lang og at kostnadane steig frå 11 millionar ved anleggsstart til ein slutt sum på 56 millionar ved ferdigstillinga av anlegget i 1924.

 

Kjelde: Olav Zakariassen; I lykkens Kalosjer - Fra landsbygd til industristed. Askim kommune 2004

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum