Kraftverket er eit av dei tidlegaste i landet.
Kuråsfossen blei bygd ut av Røros Kobberverk og satt i drift i 1896. Tanken var for å spara utgifter. Kobberprisane var dårlege på 1890-talet og noko måtte gjerast. Som argumentasjon for å bygga ut kraftverket var det berekna at ein ville spara 191 menn og 58,5 hestar.
Kuråsfossen er ikkje akkurat blant dei største kraftverka som har blitt bygd ut, men det var det første som vart bygd ut med tanke på industriell produksjon. Tidlegare var kraftverka stort sett berre for belysning.
Viklingane på generator var knytt direkte til kraftleidningane, noko ein godt kan karakterisera som dristig
I 1965 vart Kuråsfossen I erstatta av Kuråsfossen II. Takka vera ein sterk lokal innsats er det gamle kraftverket fortsatt inntakt og restaurert.
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum