Generatoren produserer den elektriske energien. Han er plassert i maskinsalen i kraftstasjonen eller – i moderne kraftstasjonar – i eit eige generatorrom under maskinsalen.
Meir korrekt er det vel å seia at generatoren omformar mekanisk energi til elektrisk energi. Ein slik innretning kan ein òg kalla ein dynamo – spesielt dersom han produserar likestraum.
Rørsleenergien vert overført til generatoren via akslingen frå turbinhjulet (som jo vert drive rundt av vatnet). I generatoren driver den overførte energien så ein elektrisk leiar (spole) rundt. Den elektriske leiaren inneheld (som all materie) elektron. Tett inntil der spolen (leiaren) kretsar rundt finn vi sterke magnetar. Elektrona er ladde partiklar og vert såleis påverka og sett i rørsle når dei rører seg i dette magnetfeltet -og det er jo straum, elektron i synkron rørsle i ein leiar.
Magnetfeltet i generatoren er sett opp av kraftige elektromagnetar (som må ha noko straum for å virka, så ein generator må altså få noko straum for å laga straum). Straumproduksjonen i generatoren er proporsjonal med (dvs. aukar og minkar i samsvar med) styrken til magnetfeltet og med kor raskt leiaren (spolen) rører seg i feltet.
Dei to hoveddelane i generatoren er altså kveil/-ar med leidning (spole) og magnet/-ar. Ovanfor har vi forklart at spole roterer medan magnet står i ro, i så tilfelle vert spole rotor og magnet stator. I andre generatorar kan dette vera organisert omvendt. Begge løysingar fungerer så lenge dei to rører seg ihøve til kvarandre. Nokre typar generatorar produserar likestraum andre vekselstraum. Det mest vanlege på vasskraftverk idag er produksjon av vekselstraum.
Hovudprinsippa er dei same i dag som då elektrisitetsproduksjonen her i landet starta på slutten av 1800-talet. Prinsippa for produksjon og overføring av trefase vekselstraum vart introdusert tidleg på 1890-talet. I tiåra etter utvikla generator-, transformator- og brytarteknikken seg i raskt tempo. Den seinare utviklinga av desse hovuddelene i produksjonssystemet har handla mykje om større effekt og større dimensjonar.
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum