Her finn du svar til oppgåva "Kor mykje vatn må du ha i kraftverket ditt for å produsera nok straum til ei lyspære på 10 watt?".
Vi tilpassar først formelen til oppgåva vår som er å finna Q (vassmengd). Vi set så inn verdiar og reknar ut.
Q = P : (g x h x Vgen x Vturb) = 10 : (9,81 x 7,5 x 0,80 x 0,85) l/sek = 0,2 l/sek
Kraftverket må altså ha tilgang på minst 2 dl per sekund, eller 12 l/min. Då er det berre å finna fram bøtte og stoppeklokke for å måla om de har nok vatn i bekken :) Lukke til!
Plasser eit kar i høgda, og monter slange med fall ned til turbinhjulet. Spillvatnet vert samla opp i eit kar under hjulet, og bragt oppatt i høgda v.h.a. ei lensepumpe. På biletet frå Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum sitt vitensenter i Odda ser du eit turbinhjul laga av eit sykkelhjul og fleire målebeger.
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum