Vasskrafta

Søk

Røyrturbin

Røyrturbinar bruker ein ved lave fallhøgder. Utviklinga av røyrturbinar skjedde i Tyskland og Sveits på 1920- og 1930-talet. Sentralt i dette sto den sveitsiske produsenten Escher Wyss.

Som er røyrturbinen dobbeltregulert med leieskovlar og løpehjulblad som kan vriast. Og som Kaplan-turbinen har røyrturbinen eit løpehjul med aksielt tilløp og avløp. Men vasstilstrøymingsretninga gjennom leieapparatet er ulik: I ein røyrturbin er retninga aksiell, altså langs akslinga, medan Kaplan-turbinen har radiell tilstrøyming, altså inn mot akslinga, og eit leieapparat som liknar det ein finn i ein .

Braskereidfoss og Kongsvinger har dei største røyrturbinane i Noreg, begge stader 21 MW. Begge kraftverka er frå 1970-talet og ligg i Hedmark langs Glomma, Braskereidfoss med ei fallhøgd på 9 meter, Konsgsvinger med 10 meter. Den største fallhøgda for ein røyrturbin i eit større norsk kraftverk har Gamlefoss ved Numedalslågen med litt over 14 meter til ein 15 MW turbin.

 

Eirik Øgaard,
Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Kjelder:

Hartmann, Ragnar (2006): "Maskinteknikk", i Kulturminner i norsk kraftproduksjon – en evaluering av bevaringsverdige kraftverk (KINK), s. 70-91. Oslo: Norges vassdrags- og energidirektorat. (NVE-rapport 2/2006)

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum