Vasskrafta

Søk

Kaplan-turbin

Kaplan-turbinen nyttar ein ved lave fallhøgder og store vassmengder. Den vart utvikla av austerrikaren Viktor Kaplan rundt 1913.

Kaplan-turbinen er forma som ein propell som minner om ein skipspropell. Denne turbintypen er ein lavtrykksturbin – den verkar best ved lave fallhøgder og store vassmengder. Kaplan-turbinen er derfor vanleg i elvekraftverk.

Kaplan-turbinen vart utvikla etter at både Francis- og Pelton-turbinane var veletablerte. Den austerrikske professor Victor Kaplan (1876–1934) utarbeidde prinsippet for maskina etter å ha studert Francis-turbinane grundig. Han kom til at hjulet til turbinar for lave fallhøgder måtte lagast på ein annan måte enn før.

Victor Kaplan fekk dei nødvendige patenta på konstruksjonen sin i 1913 og 1918, dei siste etter ei strid med fleire av turbinleverandørane på den tida. I 1919 sette han den første prototypen i drift, ein turbin som leverte nokre titals kW. Turbinen fekk stor internasjonal merksemd.

Tre eigenskapar var spesielle samanlikna med tidlegare turbinar:

  • Vatnet strøymde aksielt, altså i akse-retninga, gjennom turbinhjulet
  • Skovlane dekte ikkje over kvarande
  • Både leieskovlane og hjulblada kunne regulerast

Problem med kavitasjon ...

Vidareutvikling, større Kaplan-turbinar (MW): Verkstaden Kristinehamn/Lilla Edet i Gøtaelven i Sverige ...

Eirik Øgaard,
Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Kjelder:

Hartmann, Ragnar (2006): "Maskinteknikk", i Kulturminner i norsk kraftproduksjon – en evaluering av bevaringsverdige kraftverk (KINK), s. 70-91. Oslo: Norges vassdrags- og energidirektorat. (NVE-rapport 2/2006)

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum