For å oppretthalde ein straum i ein elektrisk leiar må ein ha ein elektrisk spenningskjelde, for eksempel eit batteri eller ein generator. Spenninga er tilsvarande trykket i ein vasslange. I samband med elektrisitet kan me tenkja på spenning som "elektrontrykket", og såleis medverkande til arbeidsevna.
Omgrepa likespenning og vekselspenning kan forklarast på tilsvarande måte som likestraum og vekselstraum – Når elektrona i ein leiar rører seg synkront fram og tilbake har vi vekselstraum. Vi kan då måla at spenninga i leiaren vekslar med tilsvarande rytme, frå maks positivt utslag til tilsvarande negativt utslag. Målingane avteikna vil syna ei sinuskurve. Til husa våre får vi vekselstraum/-spenning med frekvens 50 Hz (svingningar per sek.).
I motsetnad er spenninga ved likestraum (når elektrona vandrar i ein fast retning) den same heile tida.
Både produksjon og overføring av elektrisitet skjer gjerne med ei spenning på fleire tusen volt. Då brukar vi eininga kilovolt (kV), som er 1 000 volt (V). Straumen inn til husa våre er alltid transformerte ned til 220 V.
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum