Vasskrafta

Søk

Du er her:

Effekt I

Kjenner vi spenning og straum produsert i kraftanlegget vårt kan vi rekna ut effekt. Vi danner først eit bilete for å forstå omgrepa spenning, straum og effekt.

Vi forestiller oss eit kraftverk, som vanleg med eit turbinhjul drive av ei vasstråle. Stråla kjem frå eit tilførselsrøyr knytt til ein demning med vassmagasin i høgda. Energien i vasstråla vert overført og gir hjulet rotasjonsfart. Farta hjulet får er påverka av:

-vassmengda som treff turbinhjulet, og

-trykket (eller farta) på vasstråla (som igjen er påverka av fallhøgda).

Me kan uttrykkja dette med ein enkel formel: Rotasjonsfart = vassmengd x vasstrykk For å endra rotasjonsfarta (effekten) må me altså endra vassmengda, vasstrykket, eller begge.

Slik ser humoristen Kjell Aukrust for seg at ulike vassfall kan nyttast i kraftproduksjonen. Bildet vart i si tid publisert under tittelen "Hver mann sitt kraftverk".

Teikninga er trykt med hyggeleg løyve.

 

Stillingsenergien vatnet har i høgda (før det når turbinhjulet) kan vi velgja å bruka opp fort ved å sleppa mykje vatn gjennom anlegget, då får vi stor fart på hjulet. Vi har då vasstråle med høg effekt, og kraftanlegget vårt produserer med høg effekt. Og motsett, reduserer vi vasstilførselen til turbinhjulet varer magasinet lengre men effekten av vasstråla inn mot hjulet i augneblinken vert låg. Tilsvarande vert effekten anlegget no kan levera låg. Total energimengd vi får ut av vassmengda i magasinet vert den same i dei to tilfella.

Om dette var til å forstå kan vi ha dette "biletet" i bakhovudet som hjelp til å forstå omgrepa straum, spenning og effekt. Litt liknande vatn i eit røyr tenkjer vi oss no elektron som rører seg i ein leidning.  

 

straum

Istadenfor mengda vatn som i dømet ovanfor, handler det i elektrisitet om mengda elektron som passerer i ein leidning til ein kvar tid. Innan elektrisitet vert denne verdien omtala som straum, forkorta I, storleiken vert målt i ampere, forkorta A. 

 

spenning

Omgrepet spenning vert tilsvarande vasstrykket i dømet vårt. Forkorta skriv vi spenning som U, og måler i volt, forkorta V. I leidningane i husa våre er spenninga (“elektrontrykket”) 220 volt.

 

effekt

Omgrepet tilsvarande rotasjonsfarta vert i elektrisitetsverda effekt. Set vi omgrepa frå den elektriske verda inn i formelen for rotasjonsfarta i dømet vårt ovanfor vert formelen: effekt = spenning x straum, eller forkorta P = U x I

effekt måler vi i watt, forkorta W. Elektriske apparat er gjerne merka med tal watt, og er eit mål på kor mykje elektrisk energi som skal til (per sekund) for å driva apparatet (td kor kraftig drillen, lyspæra, eller ovnen er), eller kor mykje energi (kor stort arbeid) apparatet kan levera (per sekund). effekt er altså eit mål på kor fort (effektivt) energi vert overført.

Låg effekt     Høg effekt

Ein bil med låg maxyting (effekt) kan gjere same arbeidet som ein muskelbil, men treng lengre tid.

 

Her er nokre nemningar som syner storskala produksjon og forbruk av elektrisitet, i augneblinken:

1 kW (kilowatt)     =  1 000 W

1 MW (megawatt) = 1 000 kW
1 GW (gigawatt)    = 1 000 000 kW (ein million kilowatt)
1 TW (terrawatt)   = 1 000 000 000 kW (ein milliard kilowatt)

Den eininga som er mest aktuell i samband med produksjon, overføring og forbruk av elektrisitet, er kilowatt-timar (kWh). Vi tar altså med tidsaspektet. For eksempel er forbruket 1 kWh når ein panelomn har brukt 1000 W i ein time, eller brukt 1 W i 1000 timar. Ein kan såleis oppgje kor mange Wh eit kraftverk produserar per år, eller kor mange Wh husstanden din nyttar iløpet av eit kvartal, eller år.

Effekt from Kunnskapsfilm on Vimeo.

 

 

Prøv ei lita oppgåve, rekn ut effekten.

Finn rett nemning ved produksjon over tid.

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum