Vasskrafta

Søk

Du er her:

Noreledningen

Nore I kraftverk vart bygd ut av staten med tanke på allminnelig forsyning for austlandet. I motsetning til tidlegare store utbyggingar som Glomfjord der det primære behovet var straum til industrien. Derfor var det viktig å få overført straumen frå produksjonen i Nore og Uvdal og fram til Oslo, i 1928 var ledningen på 110 km mellom Nore og Smestad i Oslo på plass.


 
Ein av "englemastene" med fleire ledningsbyggerer i toppen. I Bakgrunnen ser vi Nore I kraftstasjon. Foto: Statkraft

Tidlegare same år var også Nore - Flesaker på plass og det var den første linja i landet med spenning på 132 kV, den største spenninga i Norge før dette var Tafjord - Nørve med 110 kV.

Arbeid med Noreledningen var utfordrande og var eit pionerprosjekt med tanke på dimensjonering og dei tekniske løysingane. Med dei store kraftmengdene så måtte linene ha større tverrsnitt og det var frykt for at snø og islast kunne utføre store skader på ledningen. Til tross for dette så har det vist seg at ledningen har ikkje vore utsatt for store driftsproblemer og lengre stans i kraftleveringa har ikkje vore eit problem for Noreledningen. Mykje av årsaka til dette skuldast nok eit omfattande kontrollarbeid og dyktige linjearbeiderar.

Mastene mellom Nore og Oslo vart utvikla av Olav Strand og hadde ein mastestamme og to traverser som var montert på skrå oppover på kvar sida av mastetoppen. Mastene fekk derfor tilnamnet "englemaster". Gjennomsnittlig spennvidde mellom mastene er på 322 meter, og det lengste spennet er på 950 meter i forbindelse med krysningen av Krøderen.

Skrevet av Dag Endre Opedal, NVIM

Kjelder:
Kraftoverføringens kulturminner, NVE
Samkjøringen gjennom 25 år : 1932 - 1957, Samkjøringen, 1959 - bokhylla.no

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum