Skogfoss kraftverk er eit elvekraftverk som utnytter eit fall på 19,7 meter i Skogfoss, samt nokre stryk mellom Langvatnet og Skogvatnet ovanfor fossen.
Kraftverket har to aggregat med kaplanturbinar med maksimal vassføring på 260 m3/s. Kapasiteten til kraftverket er på 46,5 MW og middelproduksjonen er 258 GWh. Skogfoss kraftverk sine hovuddelar er dam med flomavledning, inntak, vassvegar, kraftstasjon med maskiner. Hovudmagasinet til Skogfoss er innsjøen Enare, og med eit magasinvolum på heile 2 584 millionar m3 så er magasinet det tredje største som forsyner eit norsk kraftverk med vatn målt i volum. Det som skiljer Enare frå dei andre magasina er at innsjøen ligg i Finland. Storglomvatnet (Svartisen kraftverk) og Blåsjø (Ulla-Førre) er større, men i og med at Enare ikkje har så stor fallhøgde så er det mange magasin i Norge som er større målt i energi.
Skogfoss kraftverk med hovuddammen, grensa mellom Norge og Russland går midt på dammen. Foto: Pasvik kraft
Hovuddammen er 380 meter lang og 15 meter høg, og ligg delvis på norsk og russisk grunn. Det er og bygd ein sidedam for å stenga sideløpet Mennika. Denne dammen ligg 2 kilometer inne på russisk område. Hovuddammen er ein platedam i betong som har jorddam på kvar sida med betongkjerne. Dammen er dimensjonert på både stort vasstrykk og istrykk. I kraftstasjonen er det to vertikale aggregat med navna Sigrid og Leopold.
Kjelder: Kulturminner i Norsk Kraftproduksjon (KINK) - Norges vassdrags- og energidirektorat 2006
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum