Vasskrafta

Søk

Du er her:

Svartisen kraftverk - Teknologi

Svartisen kraftverk er eit magasinkraftverk og ligg under breen Svartisen. Kraftverket har eit einaste magasin, Storglomvatnet. Dette har det største volumet av norske vassmagasin på gigantiske 3,5 milliarder m3.

Frå inntaket i Storglomvatnet er fallhøgden 585 meter ned til kraftverket under Engabreen. Driftsvassføring kan vera på opp mot 120 m3/sek.

Svartisen kraftverk er eit av 2 kraftverk i Norge med eit inntak under ein bre (subglasialt inntak). Det andre er Mauranger kraftverk under Folgefonna Kvinnherad kommune i Hordaland).

Svartisen er eit svært omfattande kraftverk, og utnytter vatnet i reguleringsområdet gjennom er overføringstunnelar med nær 50 bekkeinntak, i tillegg magasin, dammer, tilløpstunneler og kraftstasjon. Utbygginga har to store system for overføring av vatn. Østoverføringa frå Beiarelva med sideelver til Storglomvatnet og sør- og nordoverføringa som tar inn eit stort antall bekker som renn ut i Holandsfjorden, Nordfjorden og Fykanåga. Overføringane er bygd etter takrenneprinsippet.

 

Norges største aggregat

Opprinneleg hadde Svartisen eit aggregat på 350 MW. Dette er det største aggregatet i Norge og blei levert av Kværner (turbin) og ABB (generator). Men alt frå oppstarten i 1993 var det planlagt og lagd plass til eit aggregat nummer 2. Det tok mange år før det endelig blei bestemt å installera enda eit aggregat, men i 2006 vart det vedteke å bygge eit aggregat nummer 2 i Svartisen kraftverk. Aggregatet var planlagt ferdig i 2010. Då anlegget skulle startast opp i desember blei aggregatet til 400 millioner kroner skada av ein metallbit. Etter det har oppstart av anlegget blitt utsett fleire gonger. Neste oppstart var våren 2012.


Innstallering av aggregat nummer 2, med ytelse på 250 MW. Foto: Dag Endre Opedal

Etter innstalleringa av aggregat 2 har Svartisen ein kapasitet på 600 MW, men årlege produksjon auka i gjennomsnitt berre med 40 GWh. Hovudårsaka til at ein bygde eit andre aggregat er driftstryggleik, ein er mindre sårbar med to aggregat, og ein kan i periodar med ekstra mykje vatn og høge prisar produsera meir straum.

 

Kjelder: Kulturminner i Norsk Kraftproduksjon (KINK) - Norges vassdrags- og energidirektorat 2006
Statens kraft 1890 - 1947, Lars Thue
http://www.statkraft.no/energikilder/vaare-kraftverk/ (besøkt 12.12.11)

En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Vasskrafta

www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum