Magasinkraftverket Glomfjord kraftverk har ein fallhøgde på 460 meter frå inntaksmagasinet i Nedre Navervatnet til Glomfjorden.
Starten på røyrgata, 460 meter over kraftstasjonen. Foto: Dag Endre Opedal
Kraftverket kom i drift i 1920 med to aggregat, i 1922 kom eit tredje, alle med ein kapasitet på 20 MW. Den gong var dette dei største aggregata i verda målt i ytelse. I 1948-49 kom det tre nye aggregat med kapasitet på 20 MW kvar. Kraftverket hadde no ein totalkapsitet på 120 MW. Alle aggregata produserte 25 periodars straum (25 Hz) i motsetning til den vanlege 50 periodars straumen (50 Hz) vi brukar i dag, Det var fabrikken som trong denne typen straum. Aggregata i Glomfjord kraftverk har horisontal aksling og dobbel Pelton-turbin (sjå foto under).
Då Svartisen kraftverk kom i drift i 1993 blei 5 av aggregata tatt ut av drift, berre aggregatet frå 1922 fortsette å produsere - no med 50 periodars straum.
Dei eldste aggregata står fortsatt i kraftverket, men berre eit av dei produserar elektrisitet i dag. Foto: Dag Endre Opedal
Frå inntaksmagasinet ved Nedre Navervatnet går ein tunnel på 2,7 km fram til fordelingsbassenget og røyrgata. Tunnelen er laga for hand, med feisel, bor og dynamitt slik rallarane gjorde det, utan bruk avmaskiner. Frå fordelingsbassenget går det 3 900 meter lange røyr ned til kraftstasjonen. I dag er berre eit av røyra i bruk.
En uventet feil skjedde under sending, sjekk at e-posten er gyldig.
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Noregs vassdrags-og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum